Blindsjakk er å spele sjakk utan å sjå brett eller brikker, og utan å ha fysisk kontakt med brikkene. Det kan vere begge spelarane som spelar utan brett eller brikker, eller det kan vere den eine av spelarane. Trekka blir formidla ved vanleg sjakknotasjon.

Timur Garejev og Marc Lang speler blindsjakk.

Blindsjakk stiller visse krav til minne og evne til å visualisere, men er faktisk ikkje vanskelegare enn at svært mange vanlege klubbspelarar kan spele blindsjakk.

Blindsjakk blir også spela som simultansjakk, at den som spelar blindt spelar mot fleire spelarar samtidig.

Tidleg historie endre

Blindsjakk skal ha blitt spelt ganske tidleg i sjakkhistoria. Det første partiet kan ha blitt spelt av Sa'id bin Jubair (665-714) i Midt-Austen. I Europa vart blindsjakk populært - både som ein måte å gje ein sjakkmeister eit visst handicap, og som ein måte for sjakkmeisteren å vise sine evner. Første dokumenterte blindsjakkspel i Europa fann stad i Firenze i 1266. Den store franske sjakkspelaren Philidor (1726-1795) kunne spele opp til tre blindsjakkparti samtidig, med gode resultat - noko som vart rapportert i dåverande aviser. Han skal ha lært seg å visualisere brettet når han hadde hatt problem med å få sove om kveldane. Paul Morphy, USA heldt i 1858 ei blindsjakk-oppvising mot dei åtte sterkaste spelarane i Paris med resultatet 6 vinstar og 2 remisar. Andre tidlege meistrar i blindsjakk var Louis Paulsen, Joseph Henry Blackburne (som spelte opp til 16 blindsjakkparti simultant) og den første verdsmeisteren i sjakk Wilhelm Steinitz, som i Dundee i 1867 spelte seks parti blindsjakk simultant, med tre vinstar og tre remisar. På denne tida kunne blindsjakk gje gode inntekter.

Blindsjakk på 1900-talet endre

Det blei etter kvart sett nye rekordar for blindsjakk-simultanar. I 1900 spelte Harry Nelson Pillsbury, USA 20 blindsjakkparti simultant i Philadelphia. Like før hadde han spelt 15 sjakkparti og 15 parti dam simultant. (Rekorden for å spele dam blindt skal vere 28 parti simultant). Den tsjekkoslovakiske spelaren Richard Réti og den russiske verdsmeisteren Alexander Alekhine var dei neste som merkbart auka rekorden: Alekhine spelte mot 28 spelarar i februar 1925 med resultatet 22 vinst, 3 remis og 3 tap. Same år auka Réti rekorden ved å spele mot 29 spelarar simultant i São Paulo. Etterpå klaga han over dårleg minne, han hadde gløymt att kofferten sin.

George Koltanowski sette den anerkjende verdsrekorden i blindsjakk simultant den 20. september 1937 i Edinburgh. Han spelte 34 blindsjakkparti samtidig, der han vann 24 parti og tapte 10. Arrangementet tok 13 timar. Det er denne rekorden som Guinness Rekordbok har akseptert.

I ettertid har både Miguel Najdorf og János Flesch hevda at dei har slått denne rekorden, men deira prestasjonar var ikkje utført på same overvaka og dokumenterte vis som Koltanowski sin.

Najdorf sin første rekord var i Rosario, Argentina mot 40 motstandarar, med resultatet + 36 = 1 - 3. Oppvisninga var organisert i eit forsøk på å få publisitet, for å formidle til Najdorf si familie i Polen at han framleis var i live, og at han hadde blitt verande i Argentina etter at andre verdskrigen braut ut i september 1939. Najdorf hadde deltatt på Polen sitt lag i Sjakkolympiaden i 1939 som vart arrangert i Buenos Aires i Argentina. Najdorf auka denne rekorden til 45 parti i São Paulo i 1947, med resultatet + 39 = 4 -2. Men Najdorf hadde tilgang til noteringsskjema for partia, og her var fleire motstandarar pr brett. Koltanowski hevda at han kunne klart 100 blindsjakkparti med slike vilkår.

Den siste auken i rekorden vart gjort gjeldande av Janos Flesch, Ungarn. I Budapest i 1960 spelte han 52 parti, der han vann 31 parti, spelte 3 remis og tapte 18. Men denne prestasjonen er noko svekka av at Flesch hadde høve til å få gjentatt trekka frå noteringsskjema. Arrangementet tok også overraskande kort tid, om lag 5 timar, og her var mange korte parti.

I ettertid har det ikkje vore gjort noko seriøst forsøk på å betre rekorden i blindsjakk-simultan.

Ein annan blindsjakk-rekord vart sett av Koltanowski i 1960 i San Francisco. Då spelte han 56 påfølgjande blindsjakkparti med berre 10 sekund pr trekk. Oppvisninga varte i 9 timar, med resultatet 50 vinstar og 6 tap.

Blindjakk skadeleg for helsa? endre

Blindsjakk har blitt tilrådd i avgrensa omfang som ein måte å auke spelestyrken i sjakk. Men simultanoppvisningar i blindsjakk vart offisielt bannlyst på 1930-talet i Sovjetunionen då det vart rekna som helsefarleg. Verdsmeister i sjakk Mikhail Botvinnik åtvara også mot det. Blindsjakkspelarar seier også at det er meir slitande enn vanleg spel, sjølv om det er vanleg å bruke kortare tenketid enn i vanlege turneringsparti.

Blindsjakk no endre

Det blir no arrangert sjakkturneringar i blindsjakk frå tid til anna. Den mest prestisjefylte turneringa er den årlege Melody Amber-turneringa i sjakk i Monaco, der blindsjakk sidan 1993 har vore halve turneringa - den andre halvdelen er vanleg hurtigsjakk. Tuneringa er sponsa av den nederlandske milliardæren og verdsmeisteren i fjernsjakk Joop van Oosterom. Dei beste spelarane i verda deltar i denne turneringa. Av toppspelarane har Vladimir Kramnik, Viswanathan Anand og Aleksander Morozevitsj vist seg å vere betre enn resten av verdseliten i blindsjakk: Kramnik har vunne 7 gongar, Anand og Morozevitsj 4 gongar kvar - i tre av turneringane har sigrane har vore delte.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre