Blizzard Entertainment

Blizzard Entertainment (tidlegare Silicon & Synapse) er ein amerikansk dataspelutviklar og -utgjevar med hovudkontor i Irvine i California. Selskapet har vore ein av dei mest kjende og respekterte dataspelprodusentane sidan starten av 1990-talet etter suksessar som StarCraft, Warcraft-serien og Diablo-serien. Selskapet sitt system for spel på Internett (Battle.net) er eit av verdas mest brukte.

Logo

Blizzard Entertainment er eit dotterselskap av Vivendi Universal Games, ei avdeling i Vivendi Universal. Blizzard heitte Silicon & Synapse då dei vart stifta i 1991 av Allen Adham, Michael Morhaime og Frank Pearce. Dei skifta namn til Chaos før dei vart Blizzard Entertainment i 1994.

For tida utviklar og markedsfører selskapet Starcraft II, og det nyleg introduserte Diablo III.

Bakgrunnsstoff endre