«Blue Suede Shoes»
Singel av Carl Perkins
B-side

«Honey Don't»

Språk engelsk
Utgjeve 1. januar 1956
Innspelt 19. desember 1955
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:14
Selskap Sun Records
Komponist Carl Perkins
Tekstforfattar Carl Perkins
Låtskrivar(ar) Carl Perkins
Produsent Sam Phillips
Carl Perkins-kronologi 
«Gone, Gone, Gone»
(1955)
«Blue Suede Shoes» «Tennessee»
(1956)


«Blue Suede Shoes»
Singel av Elvis Presley
B-side

«Tutti Frutti»

Språk engelsk
Utgjeve 8. september 1956
Innspelt 30. januar 1956
Sjanger Rock and roll
Lengd 1:58
Selskap RCA Records
Komponist Carl Perkins
Tekstforfattar Carl Perkins
Låtskrivar(ar) Carl Perkins
Produsent Steve Sholes
Elvis Presley-kronologi 
«I Want You, I Need You, I Love You»
(1955)
«Blue Suede Shoes» «I'm Counting on You»
(1956)


«Blue Suede Shoes» («blå semska skinnsko») er ein rock and roll-standard skriven og først innspelt av Carl Perkins i 1955.

Opphavet til songen kom då Johnny Cash under ein turne med Perkins, Elvis Presley og andre frå Louisiana Hayride i Texas hausten 1955 fortalde om ein flysoldat som omtalte dei blå tenesteskoa sine som «blue suede shoes», og Cash foreslo at Perkins skulle skrive ein song om skoa. Perkins svarte. «Eg veit ikkje noko om sko. Korleis kan eg skrive ein song om sko?»[1]

Då Perkins spelte til dans 4. desember 1955 la han merke til eit par som dansa nær scenen. Han syntes jenta var særs vakker og merka seg at guten gjekk med blå semska skinnsko. Medan dei dansa skal guten ha sagt «don't step on my suedes» («ikkje trø på skoa mine»). Perkins forfjamsa over at ein gut tykte meir om skoa sine enn denne vakre jenta.[2] Seinare på kvelden skreiv Perkins songen.[3]

Songen vart spelt inn nokre veker seinare og produsent Sam Phillips føreslo at Perkins skulle endre linja «go boy go» til «go cat go».

Perkins sin singel endre

Carl Perkins si originale utgåve av songen vart gjeve ut 1. januar 1956. Songen vart gradvis spelt meir på radio og Perkins spelte songen på konsertane sine tidleg på året. På veg til New York City kolliderte Perkins og bandmedlemmene hans. Sjåføren omkom Perkins og broren hamna på sjukehus. Med han låg her gjekk singelen heilt til topps i fleire regionar av USA og til 2. plass på Billboard-lista. Elvis sin «Heartbreak Hotel» låg på førsteplass. I midten av april var det seld meir enn ein million eksemplar av «Blue Suede Shoes».[4] «Blue Suede Shoes» var den første countrysonngen som selde over ein million som gjekk inn på både rhythm and blues og pop-listene.[5]

Elvis-utgåva endre

Både Perkins og Presley starta karrierene sine på Sun Records hos Sam Phillips, men Presley spelte inn songen tidleg i 1956 etter at Sun-kontrakten hans vart kjøpt opp av RCA Victor. Presley si utgåve vart spelt inn i RCA Studios i New York, med Presley på vokal og rytmegitar og Scotty Moore på sologitar, Bill Black på bass og D.J. Fontana på trommer. RCA sin produsent Steve Sholes lovde Phillips å ikkje gje ut songen, medan Carl Perkins sin versjon framleis låg på listene.[6]

Elvis spelte songen tre gonger på nasjonalt fjernsyn våren 1956, to gonger på the Dorsey Brother's Stage Show og ein gong på the Milton Berle Show. Songen vart gjeve som opningssong på det første albumet til Elvis, Elvis Presley, som kom i mars.

RCA gav Presley si utgåve av songen ut i 8. september.[7] Singelen nådde 20. plass på singellista.

I 1960 spelte Presley songen inn på nytt igjen for filmmusikken til filmen G.I. Blues.

 
Blå semska skinnsko liknande dei som inspirerte songen «Blue Suede Shoes».

Ettermæle endre

«Blue Suede Shoes» vart vald ut av Rock and Roll Hall of Fame som ein av 500 songar som forma Rock and roll. Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte Carl Perkins si utgåve på 95. plass over dei 500 største songane gjennom tidene, medan Elvis si utgåve hamna på 423. plass.

Andre utgåver endre

Songen er ein rock and roll-standard og har vorte spelt inn av mange andre artistar, mellom anna

Kjelder endre

  1. Rockabilly Legends av Jerry Naylor og Steve Halliday s.131
  2. Robert Rodriguez, The 1950s' Most Wanted: The Top 10 Book of Rock & Roll Rebels, Brassey's, s.90
  3. Go, Cat, Go! av Carl Perkins og David McGee 1996 s130 Hyperion Press ISBN 0-7868-6073-1
  4. Go, Cat, Go! av Carl Perkins og David McGee 1996 s.187 Hyperion Press ISBN 0-7868-6073-1
  5. NPR om Blue Suede Shoes
  6. "Go, Cat, Go! av Carl Perkins og David McGee 1996 s.162, 163 Hyperion Press ISBN 0-7868-6073-1
  7. arkivkopi, arkivert frå originalen 24. januar 2010, henta 5. desember 2009 

Bakgrunnsstoff endre