Bluebird av Buffalo Springfield

Bluebird
Singel av Buffalo Springfield
frå albumet Buffalo Springfield Again
Språk engelsk
Utgjeve 30. oktober 1967
Innspelt 1967
Sjanger Folkrock
Lengd 4:36
Selskap Atco
Komponist Stephen Stills
Tekstforfattar Stephen Stills
Låtskrivar(ar) Stephen Stills
Produsent Charles Greene, Brian Stone
Buffalo Springfield-kronologi 
«For What It's Worth»
(1967)
Bluebird «Rock'n'Roll Woman»
(1967)


«Bluebird» er ein song skriven av Stephen Stills, innspelt av bandet Buffalo Springfield og gjeve ut på albumet Buffalo Springfield Again i 1967. Songen vart òg gjeven ut som singel.

Songen vart opphavleg kalla «The Ballad of the Bluebird» og vert rekna som eit meisterverk av Stills og ein av signaturlåtane til Buffalo Springfield.[1] Songen vart òg sentral på konsertane deira fram til bandet vart oppløyst. Han var bygd opp rundt eit bluegrass-riff og fleire temposkifte. Tekstmessig har han ei lett psykedelisk rekkje av kjensler og avsløringar av natur og oppfatning. Songen er ein av dei første til Stills som nyttar ei alternative gitarstemming (D-modal i følgje Stills), og syner korleis han tydeleg fokuserer på arrangementet medan songen vert skriven, og ikkje berre på sluttresultatet av sjølve songen. Stills utvida desse konsepta gjennom den tidlege karrieren sin, noko som enda med «Suite: Judy Blue Eyes» eit par år seinare.

Joe Walsh sitt band James Gang gjorde ein coverversjon av songen i 1969.

Kjelder endre