Bobbysocks var ein norsk duo som bestod av Hanne Krogh og Elisabeth Andreasson (seinare Andreassen).

Bobbysocks

Bobbysocks på Festplassen i Bergen
OpphavNoreg
MedlemmerHanne Krogh
Elisabeth Andreassen
PrisarJuryens hederspris i Spellemannprisen, Peer Gynt-prisen

Bobbysocks gav ut debut-LPen sin i 1984. Den inneheldt mellom anna singelen «I Don't Wanna Break My Heart». LP-en selde i over 20.000 eksemplar i Noreg og Sverige.

Melodi Grand Prix 1985 og Eurovision Song Contest 1985 endre

Under Melodi Grand Prix 1985 deltok Bobbysocks med songen «La det swinge», skriven av Rolf Løvland. Dei fekk hard konkurranse frå Anita Skorgan med songen «Karma», men vann til slutt fyrsteplassen og gjekk vidare til Eurovision Song Contest 1985 i Göteborg med «La det swinge». Her vann dei konkurransen med 123 poeng til saman - dette var Noreg sin fyrste siger i Eurovision Song Contest nokonsinne.

Sommaren 1985 la dei ut på sommarturnéen Swingin' Tour 85 i Noreg. Dessutan gav dei ut debutplata på nytt, og inkluderte den engelske versjonen av vinnarsongen; Let It Swing.

Oppfylgjarplater endre

Bobbysocks vart overrakt Peer Gynt-prisen under Peer Gynt-stevnetVinstra dette året. I januar 1986 vann dei Spellemannprisens heiderspris under Spellemannprisen 1985 saman med Rolf Løvland. Våren 1986 gav dei ut LP-en Waiting For The Morning som inkluderte singelen med same namnet. LP-en selde over 100.000 eksemplar berre i Noreg.

Etter dette reiste Bobbysocks til California, USA, for å spela inn sin tredje LP. Plata Walking On Air kom ut seinsommaren 1987 og selde over 50.000 eksemplar på fire dagar. Etter å ha promotert plata i Skandinavia, reiste Bobbysocks tilbake til USA der dei m.a. laga eit underhaldningsprogram for NRK der dei møtte utvandra nordmenn som freista lukka i Los Angeles.

Gjenforeining endre

Etter dette vart Bobbysocks oppløyst og gjekk tilbake til solokarrierane sine. Dei vart gjenforeint i 2004 då dei hadde ein stor utekonsert i Hanne Krogh sin heimby, Haugesund, då byen feira 150-årsjubileum. Under norske Melodi Grand Prix 2005, då det var 20 år sidan dei vann, var dei heidersgjester saman med døtrene sine. I 2006 feira dei 50-årsjubileet til Eurovision Song Contest i København saman med dei fleste andre internasjonale vinnarane i eit spektakulært TV-show.

18. mai 2010 gav dei ut samleplata Let It Swing - The Best of Bobbysocks med dei beste songane deira.

Diskografi endre

  • Bobbysocks (1984)
  • Bobbysocks incl. Let It Swing (1985)
  • Waiting for the Morning (1986)
  • Walkin' on Air (1987)
  • Let It Swing - The Best of Bobbysocks (2010)
Føregangar
EuroSuecia.svg Herreys
Vinnar av Eurovision Song Contest
1985
Etterfylgjar
EuroBélgica.svg Sandra Kim
Føregangar
Dollie de Luxe
Noreg i Eurovision Song Contest
1985
Etterfylgjar
Ketil Stokkan
Føregangar
Dollie de Luxe
Vinnar av Melodi Grand Prix
1985
Etterfylgjar
Ketil Stokkan