Bokbåten «Epos»

Bokbåten «Epos» er ein båt som går som omreisande bibliotek for mindre stader langs kysten og inni fjordane i vestlandsfylka Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Drifta av bokbåten er eit samarbeid mellom fylkesbiblioteka i desse tre fylka og skjer frå MS «Epos».[1] Båten hadde i 2007 130 driftsdagar og eit utlån på 53 000.[2] Born og eldre er viktigaste brukargruppene for båtbiblioteket.

Bokbåten «Epos» på Storfjorden
MS «Epos» til kai i Bergen.
Foto: Anders Larsen

Bibliotekbåtdrifta i Hordaland starta i 1959 frå fiskebåten «Abdullah», men det vart etter få år tydeleg at ein trong ein større og meir tenleg båt og i 1963 vart MS «Epos» spesialbygd for å kunne gå som bibliotekbåt for Hordaland fylkeskommune, og allereie året etter vart også Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal med i ordninga.[3] Bokbåtbiblioteket har 20 000 bøker, av det er det plass til 6000 i båten, resten er alltid utlånd eller utplassert på stoppestadane. Der er det eigne kontaktpersonar som arbeider som bindeledd mellom lånarane og biblioteket, og som arbeider for å få rotasjon på bøkene mellom vitjingane av bokbåten på staden. Attåt bøker og lydbøker har båten med eit kulturprogram som til dømes kan vere forfattarar som les frå bøkene sine, eller små teaterframsyningar.

MS «Epos» vart bygd i 1963 ved Fjellstrand AS i Strandebarm. Båten er 80 fot og kan ta med 100 passasjerar og har ein marsjfart på 17 knop. Han fekk nye motorar i 2004, ny innreiing i 2006 og tilhøyrer av Vinnes Skyssbåtservice AS i Fusa.[3]

Det er i vinterhalvåret «Epos» går som bibliotekbåt, resten av året vert han nytta som selskapsbåt, i turisttrafikk og annan skysstrafikk.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. «Bokbåten». Hordaland Fylkeskommune. 
  2. «Om bokbåten» ved bokbaten.no
  3. 3,0 3,1 «Bokbåten Epos» (PDF). Fylkesbiblioteket Hordaland fylkeskommune. 

Bakgrunnsstoff endre