Bokken (japansk 木剣, bok(u) 'tre' og ken 'sverd') er eit japansk tresverd som er tenkt brukt i trening av kampaktivitetar som til dømes parvis kata. Dette er relativt trygt i høve til å nytte kvasse metallsverd. Bokutō (木刀) er eit anna namn på bokken, som er mykje nytta i Japan.

Utøvaren til høgre har bokken, mot eit japansk stavvåpen, «jo».

Historisk endre

Bokken er like gammalt som japanske sverd og vart brukt til å trene krigarar. Kenjutsumeisteren Miyamoto Musashi (d. 1645) var kjent for å slåst imot fullt utrusta motstandarar med berre ein eller to bokken. I ei berømt legende slo han Sasaki Kojiro med ein bokken forma av ei åre. På veg til ein avtalt duell på ei øy skal Musashi ha forma åra om bord i båten han reiste med.

  Denne Japanartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.