Boltit
Boltit, hannfugl Foto: Helwig Brunner
Boltit, hannfugl
Foto: Helwig Brunner
Utbreiing og status
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av boltit
Utbreiinga av boltit
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Lofamilien Charadriidae
Slekt: Charadrius
Art: Boltit C. morinellus
Vitskapleg namn
Charadrius morinellus

Boltit (Charadrius morinellus) iblant (Eudromias morinellus) er ein monotypisk trekkfugl som hekkar i fjelltrakter i det nordre Eurasia.

Utsjånad endre

 
Juvenil

Boltiten er ein middelsstor vadefugl med ei lengd på 21 til 24 cm. Fuglen har eit vent uttrykk og i alle drakter ein kort svartgrå nebb, grøngule bein, eit lyst tverrband på brystet, kraftige augebrynsstrekar som går i hop i nakken i eit V-teikn. Nedanfor augebrynsstrekane går mørkare grå beige strekar som startar ved auga på fuglen. Hovudet har ei lengdestripete svart vatring. Dei adulte fuglane har raudbrune bryst som går over i svart under buken. Undergumpen er kvit. Ovanfor tverrbandet på brystet er fuglen jamt grå, sameleis på ryggen. Under nebben og på kinna er den adulte fuglen kvit. Hoene si adulte fjørdrakt er meir distinkt enn hannane si. Boltit i vinterdrakt og juvenil drakt minner om kvarandre. Sams er lyst beige undersider med gule toner og ei elles gråvatra drakt der juvenilen har tydelegare kvite bremmar. Den lyse augebrynsstreken er også gult beige i nakken på desse draktene.

I flukt verkar oversidene på vengane einsfarga gråsvarte utan vengeband. Fuglen har ein lys spole på ytste handsvingfjørene.

Taksonomi endre

Boltiten vert ofte rekna til slekta strandloar Charadrius. Boltiten skil seg på mange måtar frå dei andre fuglane i gruppa og det resulterer i at somme plasserer boltiten i ei eiga slekt, Eudromias.

Biotop, utbreiing og trekktilhøve endre

Boltiten er ein trekkfugl som først og fremst hekkar i det nordlege og midtre Skandinavia, det nordre Russland, Mongolia, Kina og Alaska, men også til fjells i det midtre og sørlege Europa. Om vinteren held dei europeiske boltitane til i det nordre Afrika og i Midtausten som til eksempel Israel, Jordan, Irak, Saudi-Arabia, Kuwait og Iran. Boltitar har også vinterkvarter i Spania der dei iblant også hekkar.[2]

Førekomst i Noreg endre

Boltiten hekkar frå Setesdalsheiane i sør til lengst nord og aust i Finnmark, og oftast til fjells ovanfor tregrensa. Bestanden er truleg på 30 000 par, og to tredjedelar av denne finst frå Nord-Trøndelag og sørover. Best likar boltiten fjellplatå med kort vegetasjon, der reira kan ligge relativt tett. I Troms og Finnmark hekkar boltiten også i låglandet.[3]

Økologi endre

 
Hann med ungar.

Hekking endre

 
Boltit-egg

Boltiten kan treffast på hekkeplassane frå midt i mai, dit dei kjem rett frå vinterkvartera utan å stoppe i låglandet, og vert verande fram til midt i eller seint i august. Reiret vert plassert i ei enkel grop direkte på marka på stader med kort vegetasjon. Hoa legg fire pæreforma egg. Boltiten har såkalla omvend kjønnsorden, slik som symjesnipene. Hoa har den fargesterke fjørdrakta, forsvarer reviret og reiser først, medan hannen tek hand om mesteparten av ruginga og omsorga for ungane.

Når fuglen har ungar og kjenner seg trua spelar han skada og sleper vengane og stjerten etter seg på marka. Elles kan boltiten vere svært lite sky og fuglekjennarar har fortalt om korleis boltitar, rett før egga vert klekte, har lagt seg til å ruge i handa på observatøren.

Føde endre

Boltiten et i hovudsak insekt, framfor alt biller, i tillegg til fluge- og mygglarver. På menyen står også vaksne fluger og mygg, sommarfugl- og målarlarver, grashopper, sirissar, saksedyr, maur og edderkoppar. I mindre grad et boltiten også sniglar, meitemark, blad, frø, bær og blomster.

Kjelder endre

  • Norsk Fugleatlas, 1994.
  • Wahlberg,T. (1993) Kunskapen om fåglar: Alla häckande arter i Sverige , Stockholm: Rabén & Sjögren. ISBN 91-29-61772-3
  • Mullarney, K. Svensson, L. Zetterström, D. (1999) Fågelguiden, Europas och medelhavsområdets fåglar i fält. Stockholm: Albert Bonniers förlag
Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av boltit Charadrius morinellus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022. 
  2. Lars Larsson, Birds of the World, 2001, CD-rom
  3. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff endre