Bonaqua er eit kommersielt mineralvatn produsert av The Coca-Cola Company. Vatnet kjem i fleire forskjellige smakar og kan kjøpast på 0,5 og 1,5 liters plastflasker og på 0,35 liters glasflasker på serveringsstader. Vatnet finst både med og utan tilsett kolsyre. 0,5 litersflaskene har ein panteverdi på 2,50 norske kroner. Bonaqua er latin og tydar direkte omsett 'godt vatn'. Det finst òg ein Bonaqua Silver-serie som inneheld 3 ulike variantar, samt ei rekkje andre variantar som blir seld på verdsbasis.

Plastflaskene er såkalla plantbottle og er laga av 15% plantebasert materiale. Det gjer at flaska bidreg til redusert CO2-utslepp.

Utgåver endre

I Noreg finst det 3 forskjellige utgåver av Bonaqua[1], i tillegg til ein serie kalla Bonaqua Silver med 3 ulike smakar. Det finst langt fleire på verdsbasis.

Bonaqua Natural endre

Bonaqua Natural (eller Bonaqua Naturell) er merkt med ein blå etikett og er den første av utgåvene. Den vart lansert i 2000. Drikken inneheld vatn, karbondioksid, natriumhydrogenkarbonat, kaliumhydrogenkarbonat og kalsiumklorid.

Bonaqua Lemon endre

Bonaqua Lemon (eller Bonaqua Sitron) er merkt med ein gul etikett og er den andre av utgåvene. Den vart lansert i 2002. Drikken inneheld vatn, karbondioksid, natriumhydrogenkarbonat, kaliumhydrogenkarbonat, kalsiumklorid og aromaer.

Bonaqua Arctic Rasberry endre

Bonaqua Arctic Rasberry (eller Bonaqua Bringebær) er merkt med ein lilla etikett og er den tredje av av utgåvene. Den vart lansert i 2005. Drikken inneheld vatn, karbondioksid, natriumhydrogenkarbonat, kaliumhydrogenkarbonat, aromaer og kalsiumklorid.

Bonaqua Silver endre

Bonaqua Silver kjem i 3 ulike variantar[2]:

  • Bonaqua Silver Natural
  • Bonaqua Silver Lemon
  • Bonaqua Silver Forrest Berries
  • Bonaqua Silver Mango-Guava

Globale utgåver endre

På verdsbasis finst det ei rekkje andre variantar av drikka.[3] Under er ei komplett oversikt ordna alfabetisk:

  • Aloe Vera Peach
  • Apple
  • Apple Grape
  • Apple Mint
  • Apple Pear
  • Apple Water
  • Berry
  • Blueberry
  • Cranberry Grapefruit
  • Grapefruit
  • Grapefruit Water
  • Lemon
  • Lemon Lime
  • Lemon Melon
  • Lemon Passionfruit
  • Lemon Water
  • Lime
  • Lime Raspberry
  • Lingonberry
  • Lychee
  • Maracuja Peach
  • Melon Strawberry
  • Orange
  • Orange Pineapple
  • Orange Water
  • Peach
  • Peach Water
  • Pear
  • Raspberry
  • Strawberry
  • Strawberry Rhubarb
  • Tangerine
  • Unflavored




Kjelder endre

  1. «Bonaqua®». Coca-Cola.no. Henta 26. juli 2011. 
  2. «Bonaqua® Silver». Coca-Cola.no]. Henta 26. juli 2011. 
  3. «Product Descriptions - Bonaqua». Coca-Cola.com. Henta 26. juli 2011. 

Bakgrunnsstoff endre