Bondeforteljing er ein litterær sjanger med handling og motiv frå bondemiljø. Sjangeren var populær i Europa frå 1820- til 1840-talet, men fekk gjennombrotet sitt i Noreg noko seinare. Forteljingane har gjerne form som ei novelle eller kort roman, og hovudpersonane er ofte i ein overgang frå barn og ungdom til unge vaksne. Nokre viktige forfattarar innan sjangeren er Berthold Auerbach, George Sand og Steen Steensen Blicher. I Noreg er sjangeren særleg knytt til forteljingar av Maurits Hansen og Bjørnstjerne Bjørnson.

Illustrasjon til Schwarzwälder Dorfgeschichten av Berthold Auerbach.

Dei europeiske bondenovellene endre

Bondenovella er i utgangspunktet ei vidareutvikling av den klassiske og klassisistiske hyrdediktinga, der førestillinga om det reine og enkle livet på landet blir dyrka. Henrik Steffens sine skildringar av norske bønder i novellesamlingene Die Familien Walseth und Leith (1827) og Die vier Norweger (1828) verkar eksempelvis som den reine idyllen.

Bondenovella kan òg lesast som uttrykk for dei nasjonalromantiske straumdraga som prega europeisk kultur på denne tida. I den samanhengen blei nasjonale markørar som språk, historie og folkediktning sterkt framheva.

Bondeforteljinga i norsk litteratur endre

 
Synnøve Solbakken i Illustreret Folkeblad 1857.

I norsk litteraturhistorie blir bondeforteljinga særleg knytt til dei nasjonalromantiske prosastykka Bjørnstjerne Bjørnson forfatta og gav ut i perioden 1855 til 1872, der Synnøve Solbakken og novella «Faderen» er blant dei best kjende. Bjørnson sine bondeforteljingar bygger tydeleg på dei europeiske forbilda. Samtidig kan dei òg vurderast som ein eigen sjanger, mellom anna fordi dei bryt med idyllen som prega dei førre forteljingane.

Den første norske bondeforteljinga blei skriven av Maurits Hansen i 1819, men ordet «bondeforteljing» blei først tatt i bruk av Georg Brandes i ein artikkel om Bjørnstjerne Bjørnson frå 1882.

Maurits Hansen endre

Maurits Hansen var den første som skreiv bondeforteljingar i Noreg. I 1819 skreiv han ein serie «nasjonale fortellinger» for Morgenbladet under pseudonymet Carl Mølmann. Desse forteljingane blei seinare samla og trykte under tittelen Norske Noveller (1837).

Hansen si forteljing «Luren» fekk òg status som lærebokeksempel for sjangeren «poetisk fortelling» i Henning Junghans Thue si Læsebog i Modersmaalet (1846).

Bjørnstjerne Bjørnson endre

For meir om dette emnet, sjå Bondefortellinger.

Bjørnstjerne Bjørnson sine bondeforteljingar blei skrivne og gjevne ut over ein lengre periode og i ulike format, nokre korte og nokre lange. Fleire av dei lengre kom først ut som føljetong før dei blei gjevne ut som bøker, medan mange av dei korte var med i Bjørnsons Smaastykker (1860).

Den første samlinga av Bjørnson sine bondeforteljingar kom ut i 1872, og omfatta 16 forteljingar, blant desse den nynorske omsetjinga av «Et farlig frieri». Sidan har dei kome ut i ei rekkje utgåver og opptrykk. Nokre av forteljingar har likevel blitt meir lesne og utbreidde enn andre Av dei lengre gjeld dette særleg Synnøve Solbakken (1857), Arne (1859) og En glad gutt (1860), medan «Et farlig Frieri» (1856), «Thrond» (1857), «Faderen» (1859) og «Ørneredet» (1859) er mest kjende av dei korte. Desse bondeforteljingane har lenge vore pensumklassikarar i både Noreg, Sverige og Danmark. Størst status har dei likevel hatt i Noreg.

Bjørnson sine bondeforteljingar er lagt til utprega norske bondemiljø, der bøndene figurerer som etterkommarar av dei stolte sogebøndene i fortida. Sambandet til sogelitteraturen i Bjørnson sine bondeforteljingar viser seg òg stilistisk med den tilbaketrekte forteljaren og den sceniske forteljarteknikken. I tillegg låner forteljingane trekk frå folkedikting – dels gjennom innlagde rim, regler og songar, men også i imitasjonen av den munnlege forteljartradisjonen. Språkforskarar har til dømes dokumentert korleis språket i Bjørnson sine bondeforteljingar var forankra i det levande norske talemålet i samtida, medan litteraturforskarar har påvist korleis forteljingane oppfyller dei episke grunnprinsippa i den folkelege forteljarkunsten. Men om nemninga «forteljing» i utgangspunktet speler på ein munnleg tradisjon, er sjangeren likevel utprega skriftleg, særleg gjennom den ytre utforminga til danningsromanen. Som i danningsromanen handlar Bjørnson sine bondeforteljingar òg oftast om overgangen til unge menneske frå barn og ungdom til vaksenlivet.

Bonden som norsk nasjonalkarakter endre

Ei viktig historisk årsak til at Bjørnson sine bondeforteljingar har vore så populære i Noreg, er ifølgje litteraturforskar Sigurd Aarnes at den norske nasjonale identiteten lenge har vore nært knytt til bondekulturen og statusen til den norske bonden som fri, til forskjell frå praksisen i andre europeiske land med liveigenskap. Dette har medført ein tendens til å lesa bondeforteljingane som uttrykk for enkel nasjonalromantikk, noko dei til ei viss grad òg er. Ei viktig historisk årsak til at Bjørnson sine bondeforteljingar har vore så populære i Noreg, er ifølgje litteraturforskar Sigurd Aarnes at den norske nasjonale identiteten lenge har vore nært knytt til bondekulturen og statusen til den norske bonden som fri, til forskjell frå praksisen i andre europeiske land med liveigenskap. Dette har medført ein tendens til å lesa bondeforteljingane som uttrykk for enkel nasjonalromantikk, noko dei til ei viss grad òg er.

Bondeforteljingane til Bjørnson representerer likevel eit brot med den romantiske bondebegeistringa frå dei førre bondenovellene. Medan Henrik Steffens sine skildringar av norske bønder verkar idealiserte, som rein idyll, reflekterer Bjørnson si framstilling òg det samtidige synet på bondestanden som ein ukultivert hop med tilhug til både drukkenskap, vald og umoralsk åtferd, noko som også blei aktualisert gjennom undersøkingane til den norske sosiologen Eilert Sundt.

Bjørnson sine bondeforteljingar kan nok, som Aasmund Olavsson Vinje sine Ferdaminni fraa sumaren 1860, bli lesne som innlegg i debatten om den norske bonden. Men der Vinje forheldt seg ironisk til bøndene, verkar Bjørnson sine forteljingar gjennomsyra av grundtvigianisme og fornya tru på bondestanden og det norske folket.

Kjelder endre

«bondefortelling» i Store norske leksikon, snl.no.