Bontveit er ein gard i Fana i Bergen kommune inst i den tronge dalen som strekkjer seg nordaustover frå Kalandsvatnet.

Bontveit
stad
Bontveit
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5229 KALANDSEIDET
Gardnummer 63
Wikimedia Commons: Bontveit

Det er framleis gardsdrift på garden.

Namn endre

Namnet kjem truleg av botn, som i dalbotn.

Bontveit har gjeve namn til Bontveitvegen.

Historie endre

Garden høyrte i mellomalderen til Nonneseter kloster, før Vincens Lunge overtok i 1528. Etterkomarane hans sat med garden til 1680, då han vart pantsett til Hans Hjort. Framt il 1775 hadde Bontveit same eigar som Samdal. Sidan 1853 har garden vore i bondesjølveige.

Geografi endre

Garden ligg inst i dalen som strekkjer seg nordaustover frå Kalandsvatnet mellom Ulvursfjellet og Livarden (683 moh) i vest, Rambjørga (541 moh) i nord, Dyrdalen i aust og Orrtua (358 moh) i sør.

Garden grensar til Lund i nord og aust, Frotveit i sør og Riple i vest.

Garden er i lag med Øvre Totland og Riple den høgastliggande i Bergen (kring 300-350 moh).

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre