Booth Island (eller Wandel Island) er ei kupert, Y-forma øy på vestkysten av Den antarktiske halvøya i Antarktis nordaust i Wilhelm Archipelago. Booth Island er 8 km lang og har ei høgd på 980 meter over havet. Ho vart oppdaga og namngjeven av ein tysk ekspedisjon under Eduard Dallmann 1873-1874, truleg etter Oskar Booth eller Stanley Booth, eller begge, som var medlemmar av Hamburg Geographical Society på den tida. Advisory Committee on Antarctic Names har avvist namnet «Wandel Island», som vart nytta av Belgica-ekspedisjonen, 1897–1899. Det smale sundet mellom øya og fastlandet er Lemaire Channel.

Booth Island
øy
Booth Island frå sær. Ein kan så vidt sjå Lemaire Channel til høgre
Land  Antarktis
Del av Wilhelm Archipelago
Stad Antarktis
 - koordinatar 65°05′S 64°00′W / 65.08°S 64°W / -65.08; -64
Høgaste punkt Wandel Peak
 - høgd 980 moh.
Lengd km
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Booth Island
65°05′S 64°00′W / 65.08°S 64°W / -65.08; -64
Booth Island is located in Antarktis
Booth Island (Antarktis)
Wikimedia Commons: Booth Island

Det høgaste punktet på øya er 980 meter over havet ved Wandel Peak. Damien Gildea kalla toppen «ein av dei mest utfordrande, uklatra toppane på Den antarktiske halvøya». Den 15. februar 2006 vart fjellet klatra for første gong av ei gruppe spanske fjellklatrarar, som likevel ikkje kom seg dei siste 10-15 metrane opp til toppen.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre