Bordeaux (oksitansk Bordèu) er ein hamneby sørvest i Frankrike med eit storbyområde med 925 253 innbyggjarar etter ei folketeljing i 1999. I 2006 var det estimert eit folketal på over 1 million innbyggjarar. Byen er hovudstad i regionen Nouvelle-Aquitaine, i tillegg til prefecture (hovudstad) i departementet Gironde. Innbyggjarane i byen vert kalla Bordelais.

Bordeaux
Horisonten til Bordeaux
Horisonten til Bordeaux
Flagget til Bordeaux Byvåpenet til Bordeaux
Flagget til Bordeaux Byvåpenet til Bordeaux

Motto
«Lilia sola regunt lunam undas castra leonem»
(Lilja aleine herskar over månen, bølgjene, slottet og løva)
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Nouvelle-Aquitaine
Gironde
Geografi
Flatevidd 49,36 km²
Flatevidd
 - By
 - Urbant
 - Storbyområde

49,36 km²
1 057 km²
3 875,2 km²
Innbyggjarar
 - By (2004)
 - Byområde
 - Storbyområde

229 900
753 931 (1999)
925 200 (1999), estimert over 1 mill. i 2006
Koordinatar 44°50′19″N 00°34′42″W / 44.83861°N 0.57833°W / 44.83861; -0.57833
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.bordeaux.fr
Plassering
Plassering av Bordeaux
Plassering av Bordeaux

Bordeauxvinen har fått namnet sitt frå byen, og har vorte produsert i området her sidan 700-talet. Byen vert rekna som vinhovudstaden i verda, og er vert for Vinexpo, vinindustrien si største storhending på verdsbasis.

Bordeaux er eit senter for forsking innan militæret, romfart og luftfart, i tillegg til konstruksjon knytt til dette.

Med nesten 100 000 studentar er byen sitt universitet kjend for forskingseiningane sine innan landbruk, nye stoff og nanoteknologi.

Geografi endre

Bordeaux ligg nær kysten av Atlanterhavet sørvest i Frankrike og nord i regionen Aquitaine. Byen er bygd ved ein sving i elva Garonne, og er derfor delt i to delar. Den høgre delen i aust og den venstre delen i vest. Historisk sett er den venstre breidda meir utvikla. Havgåande skip kan ta seg opp elva til Bordeaux.

Demografi endre

Etter ei folketeljing i 1999 var der 215 363 innbyggjarar i byen (kommunen). Storbyområdet hadde 925 253 innbyggjarar. Byen har mange forskjellige folkeslag. Det meste av folkesetnaden er fransk, men det er òg større grupper med italienarar, spanjolar, portugisarar, tyskarar og nordafrikanarar. Storbyområdet har utvikla seg raskt dei siste tiåra, og står overfor byspreiing.

Eit estimat frå 2004 reknar med at byen har 229 500 innbyggjarar.

Språk endre

Byen sitt opphavlege språk er gasconsk, ein dialekt av det sørfranske språket langue d'oc. På gasconsk heiter byen Bordeu. Språkgrensa mellom langue d'oc og langue d'oeil, altså dialektar av fransk, går like nord for byen. I løpet av 1800-talet gjekk derimot bruken av gasconsk tilbake, og i dag er dette språket ukjend for dei fleste. Dei fleste snakkar dermed fransk med ein sørvestfransk dialektfarge, der ein mellom anna ikkje har nasallydane.

 
Pont-de-Pierre

Historie endre

Allereie rundt 300 f.Kr var det ei busetjing av keltarar (gallarar) på staden. Byen Bordeaux vart først grunnlagd som Burdigala av romarane, som var dei som tok med vindruene til Sørvest-Frankrike. Byen vart grunnlagd på grunn av sin strategiske plassering, området rundt bestod på denne tida av pestråka sumpar. På 400-talet vart byen plyndra av vandalar, vestgotarar og frankarar, i 732 av arabarane (maurarane) og på 800-talet av vikingane.

I perioden 1154-1453 høyrte Bordeaux til England, og var ein rik hamneby med store marked for vin i England. Byen var òg eit utgangspunkt for engelske militære felttog nord- og austover i Frankrike, spesielt under Den Svarte Prinsen (The Black Prince) sitt styre på slutten av 1300-talet. I 1441 vart universitetet i Bordeaux grunnlagd. Bordeaux-borgarane var slett ikkje glad for å bli franske i 1453, fordi dei mista markeda sine i England. Derfor vart det bygd sterke festningar etter den franske overtakinga.

Nok ein gylden tidsalder kom på 1700-talet, da Bordeaux var involvert i handelen i dei franske koloniane, inkludert slavehandelen. Etter nedgangen som følgje av Napoleonskrigane vart det ny oppgang på grunn av oppdyrkinga av myrar og sumpar i Les Landes-området rett sør for byen på 1800-talet.

Vin frå Bordeaux endre

Bordeaux vert rekna som eit av dei beste vindistrikta i verda, og heilt tilbake til romartida hadde vinane frå Bordeaux godt rykte på seg. Men det var først på 1300-talet at Bordeaux fekk sin stordomstid. Det var alliansen med engelskmennene som fekk handelen i gang, noko som òg gjorde godt for Bordeaux sine vinar.

På den tida kom vinane frå Bordeaux frå eit område lengre sør, som i dag heiter Sud-Ouest. Médoc som vi kjenner til i dag var ikkje ein gong kultivert. I godt over 300 år dominerte engelskmennene handelen av vin i Bordeaux. Sjølv kalla dei vinane for «clariet» - seinare kom termen «claret», ein term som framleis vert brukt i dag.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bordeaux
  Reiseguide for Bordeaux frå Wikivoyage