Bordell (frå fransk: bordel, som i si tid tyda eit lite plankehus) er eit lokale som hyser prostituerte medan dei tek i mot kundane sine og utøvar verksemda, som går ut på å yte seksuelle tenester mot betaling, til dømes ved mellom anna å stille seg til rådvelde for samleie. Bordellar vert òg kalla horehus, lupanar, maison close, brothel, casa di tolleranza og mykje meir på dei ulike språka.

Henri de Toulouse-Lautrec: Salon de la rue des Moulins (Ein salong i rue des Moulins), 1894. Musée Toulouse-Lautrec i Albi i Frankrike.

Bordellar har vore ulovlege i Noreg frå 1887, og er òg ulovleg i Sverige og Danmark. Men slike verksemder er tillate i fleire andre land, ofte underlagt ein meir eller mindre streng kontroll av styresmaktene. Mellom anna finst det bordellar i Tyskland, der dei i moderne reklameaktig språkbruk gjerne vert kalla «Eros-Center» og er mellom dei største i sitt slag i Europa, og i Nederland. I Belgia er bordellar forbode, men vert likevel tolerert, ein dobbeltmoral som kjenneteiknar haldninga til slik verksemd i mange land i verda. I Sveits er dei lovlege og vert kalla salons érotique.