Borge kyrkje i Lofoten

Borge kyrkje ligg på Bøstad i Vestvågøy kommune i Nordland fylke. Ho er soknekyrkje i Borge sokn i Lofoten prosti. Kyrkja er ei kvadratisk kyrkje bygd i betong. Ho vart vigsla 31. mai 1987 og har 435 plassar. Arkitekt for kyrkja var Knut Gjernes.

Borge kyrkje
kyrkje
Borge kyrkje
Foto: Bjørn som tegner
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Lofoten
Sokn Borge
Fellesråd Vestvågøy
Arkitekt Knut Gjernes
Material betong
Innvigd 6. søndag etter påske, 31.mai 1987
Altartavle ved Else Marie Jakobsen
Sitjeplassar 435
Kart
Borge kyrkje i Lofoten
68°14′41″N 13°46′15″E / 68.2448°N 13.7708°E / 68.2448; 13.7708
Wikimedia Commons: Borge kirke (Lofoten)

Før denne har det stått minst 5 kyrkjer på Borge. Borge kyrkje er første gong nemnd i skriftlege kjelder i eit dokument frå 1335. Ei kyrkje på Borge vart bygd i 1798, ombygd i 1877 og brann ned i 1896. Ei ny kyrkje vart vigsla i 1898. Denne kyrkja brann ned 14. februar 1983.

Andre kyrkjer i Vestvågøy kommune endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre