Borgny Grande

norsk politikar

Borgny Kjølstad Grande (fødd 22. februar 1979) er ein norsk Sp-politikar, økonom og gardbrukar. Ho var ordførar i Grong kommune frå 2019 til 2023.

Borgny Grande
Fødd22. februar 1979 (45 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2001–2005)
  • ordførar i Grong (2019–2023) Sjå dette på Wikidata

Grande har mastergrad i økonomi og ressursforvaltning frå NLH og har arbeida innan blant anna landbruksrådgiving. Ho er også gardbrukar på Tømmerås i Grong.[1]

Ho var medlem av Nord-Trøndelag fylkesting i periodane 1999–2003 og 2003–2007, det siste året som leiar i fylkestingsgruppa til Senterpartiet.

Frå 2017 til 2019 var Grande leiar av Nord-Trøndelag Bondelag.[2]

Frå 2019 til 2023 var Grande ordførar i Grong kommune.[3]

Kjelder endre

  1. «Protokoll- Valgnemnda i Nord-Trøndelag Bondelag 2013» (PDF). Norges Bondelag. Henta 5. oktober 2023. 
  2. «Bondelagsleder på topp for Sp». Namdalsavisa. 6. desember 2018. Arkivert frå originalen 4. september 2019. Henta 23. oktober 2019. 
  3. «Borgny fra Tømmerås er en historisk dame». Namdalsavisa. 17. oktober 2019. Arkivert frå originalen 22. oktober 2019. Henta 23. oktober 2019.