Boris Aleksandrovitsj Majorov (fødd 11. februar 1938) er ein sovjet-russisk tidlegare ishockeyspelar og -trenar frå Moskva. Han var venstreveng på Sovjetunionen sitt landslag frå 1961 til -68. I denne perioden vann han VM-bronse i 1961 og deretter 1963-68 gull i samtlege verdsmeisterskap og olympiske leikar. Majorov deltok i 134 landskampar i tida 1960-69 og skåra 63 mål.

Boris Majorov


Statsborgarskap Russland
Fødd 11. februar 1938 (86 år)
Moskva
Idrett ishockey, fotball
Tok del i

Vinter-OL 1964, Vinter-OL 1968

Utmerkingar

Æresordenen, Ærestegnets orden, 3. klasse av Fedrelandets fortjenstorden, 4. klasse av Orden for tjeneste for fedrelandet, Arbeidets røde fanes orden, Ordenen folkenes vennskap, Honoured coach of the RSFSR, Idrettens mester i Sovjetunionen, Arbeidets veteran, Medalje ved Moskvas 850-årsjubileum, Medaljen til minne om 100-årsdagen for Vladimir Iljitsj Lenin, 2. klasse av Fedrelandets fortjenstorden

Majorov spelte i alle år på Spartak Moskva. Saman med Vjatsjeslav Starsjinov og sin eigen bror, Jevgenij Majorov, bidrog han sterkt til at Spartak vart sovjet-meister både i 1962, 1967 og 1969. Etter han la opp i 1969 hadde Boris Majorov suksess som sjefstrenar for Spartak Moskva, førte laget til to nasjonale meistertitalar.

Kjelder endre