Borough Hill er ein ås aust for byen Daventry i grevskapet Northamptonshire i England. Han er 199 meter over havet og dominerer over det omliggande området.

Borough Hill
ås
Den siste radiomasta på åsen
Land  England
Stad Northamptonshire
 - høgd 199 moh.
Kart
Borough Hill
52°15′17″N 1°08′24″W / 52.254838888889°N 1.1400305555556°W / 52.254838888889; -1.1400305555556
Wikimedia Commons: Borough Hill

Det er funne ruinar av to åsfort frå jernalderen, to gravhaugar frå bronsealderen og to seinare romerske villaer og ein gard på åsen.[1]

I 1925 bygde BBC ein sendestasjon på åsen og i 1950 vart det bygd ei 220 meter høg mast nær Dodford. Masta kom ut av bruk i 1978 og vart fjerna i 1984. Det stod derimot fleire master på åsen og ei mast står framleis att.

Kjelder endre

52°15′17″N 1°08′24″W / 52.25484°N 1.14003°W / 52.25484; -1.14003