Bournemouth er ein kystby i Dorset, på sørkysten av England, ved Poole Bay. Han høyrde til Hampshire inntil 1974. Den gamle grensa mellom Hampshire og Dorset markerer no grensa mellom Poole og Bournemouth. 1. april 1997 vart byen ei sameint styresmakt.

Bournemouth

Flyfoto av Bournemouth sentrum
Flyfoto av Bournemouth sentrum
Flyfoto av Bournemouth sentrum
Plassering
Bournemouth is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Dorset
Geografi
Flatevidd
 - By

46,18 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik

163 900
  3 549,2 /km²
Koordinatar 50°43′12″N 1°52′48″W / 50.72000°N 1.88000°W / 50.72000; -1.88000
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.bournemouth.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Bournemouth
Bournemouth Pier

Bournemouth er eit av dei mest populære turistmåla på sørkysten av England. Han har ei fin, lang sandstrand, gode overnattings- og underhaldningstilbod, mildt klima og kort veg til Jurassic Coast, landsbygda i Dorset og Hampshire, og dessutan Devon. Denne delen av kystlinja har det varmaste og tørraste klimaet i England, og flest solskinsdagar.

Byen har vakse raskt. I 1880 hadde den 17 000 innbyggjarar, i 1900 60 000 og innan 1990 150 000. Han utgjer òg ein del av eit større urbant område som omfattar Poole og Christchurch.

Tradisjonelt har Bournemouth vore ein stad mange pensjonistar flyttar til på grunn av klimaet, og gjennomsnittsalderen har vore høg. Han har i seinare år falle på grunn av dei mange studentane ved Bournemouth University.

Bournemouth er vertskap for mange store konferansar, spesielt i Bournemouth International Centre (BIC), som er reist på ei klippe med utsikt over byen, stranda og sjøen.

I området rundt byen, særleg mellom Bournemouth og Poole, er det mange små dalar grave ut av gamle elveleie, som gjev eit attraktivt turlandskap. Inne i byen ligg Bournemouth Central Gardens, ein park som strekkjer seg fleire kilometer langs elva Bourne, gjennom sentrumet til byen og ned til sjøen.

Sir Merton Russell-Cotes, som var ein av dei fremste borgarane i viktoriansk tid, fekk etablert ein strandpromenade som no strekkjer seg heile vegen mellom Bournemouth og Poole. Den private samlinga hans av engelske måleri og asiatisk porselen er no utstilt i Russel-Cotes Museum.

Royal Bath Hotel, nede ved sjøen rett austom parken, har i mange år vore det beste hotellet i byen. Blant gjestar som har budd der finn ein Oscar Wilde, H.G. Wells, Richard Harris, sir Thomas Beecham, Shirley Bassey, Benjamin Disraeli (som budde der i tre månader fordi klimaet var gunstig medan han leid av podagra), Edvard VII, Edvard VIII, Georg VI, Wilhelmina av Sverige og Eugenie av Frankrike.

Bournemouth er kjent for å ha store delar av grøntområde for publikum. Byen har ca tre millionar furutre og ein sjettedel av byen er i dag grøntområde. Bournemouth har dermed mange offentlege hagar. Den meste kjende av desse er Compton Acres som ligg vest i byen. Her finn ein sju ulike hagar som kvar har eit eige internasjonalt tema.

Historie endre

Bournemouth er ein ung by. Ved byrjinga av 1800-talet eksisterte byen knapt; då den pensjonerte offiseren Lewis Tregonwell vitja staden i 1810 fann han berre ei bru over ein liten bekk og eit vertshus på staden som no er sentrumet til byen. Tregonwell kjøpte ein stor eigedom og bygde ein heim for seg sjølv og kona si; huset er no Royal Exeter Hotel.

Mot midten av 1800-talet byrja turismen å gjere seg gjeldande. Dei tilreisande var både rike turistar som ville ha klimaforandring, og sjuke som hadde vorte tilrådd frisk sjøluft. I 1860-åra vart Central Gardens bygd.

Mot slutten av 1800-talet minka straumen av sjuke som søkte lindring i den friske lufta, men samstundes auka den vanlege turismen. Dermed kom ein stadig meir intensiv byggeaktivitet, og folketalet auka kraftig.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bournemouth