Bowles Creek er ei elv av smeltevatn i Antarktis. Ho er ca. 0,5 km lang og som flyt aust frå Maria Creek og ut i sørvestenden av Lake Fryxell, like vest for Green Creek i Taylor Valley i Victoria Land. Namnet vart foreslått av hydrologen Diane McKnight, leiaren for eit lag frå US Geological Survey (USGS) som gjorde omfattande studiar av hydrologien og geokjemien til elvar og tjern i området kring Lake Fryxell, 1987–94. Elva er kalla opp etter hydrologen Elizabeth C. Bowles i USGS, som var med feltgruppa i 1987–88 som studerte organisk geokjemi i elvane som strøymer ut i Lake Fryxell.[1]

Bowles Creek
elv
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 77°37′S 163°4′E / 77.617°S 163.067°E / -77.617; 163.067
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Bowles Creek
77°37′00″S 163°04′01″E / 77.6167°S 163.067°E / -77.6167; 163.067
Bowles Creek is located in Antarktis
Bowles Creek (Antarktis)

Kjelder endre

  1. «Bowles Creek». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 21. januar 2014. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Bowles Creek» (innhald frå Geographic Names Information System).