Flatmotor

horisontalt motståande stempelmotor, ofte anten flat V-motor eller boksermotor
(Omdirigert frå Boxermotor)

Flatmotor kan visa til anten ein boksermotor eller ein flat (180 graders) V-motor. Skilnaden er at på ein boksermotor deler ingen av stempla veivpinnar, medan på ein V-motor delar stempla veivpinnar parvis.

Volkswagen firesylindra luftkjølt boksermotor.

Boksermotor endre

Boksermotor er ein stempelmotor med lineær stempelrørsle, der sylindrane er plasserte rett imot kvarandre. Føremonene med dette er at kreftenee frå dei ulike rådane kan balanserast ut, slik at vibrasjonen vert liten. På den andre sida er det ei ulempe at manifoldane vert lengre enn på rekke- og V-motorar. Avstanden frå forgassarenbensinmotorar til sylindrane vert difor lang.

Ferdinand Porsche var ein ihuga tilhengar av boksermotorar og både Volkswagen-bobla og Porsche sportsbilar nytta boksermotorar. Andre bilprodusentar som har nytta boksermotor er Alfa Romeo, Subaru, osb. BMW har nytta boksermotorar i motorsykklar.