58°12′00″N 15°03′00″E / 58.20000°N 15.05000°E / 58.20000; 15.05000

Folkets hus i Boxholm.
Boxholms säteri.

Boxholm er ein svensk tettstad og administrasjonssenter i Boxholms kommune i Östergötlands län i landskapet Östergötland. I 2005 hadde staden 3 182 innbyggjarar.

Boxholm er ein gammal industriby og ligg ved Svartån og Södra stambanan.

Boxholms bruk endre

Boxholms bruk vart grunnlagt i 1754, og vart omdanna til aksjeselskap i 1872. Sidan først på 1980-talet er verksemda til bruket (bl.a stålverk, sagbruk, meieri og jordbruk) vorte oppdelt mellom fleire ulike selskap.

Tilbake av det tidlegare industrimiljet finst nokre raudmåla arbeidarbustader, og dessutan eit par eldre bruksbygningar, bl.a ei kvern frå 1777, som no er den eldste bygningen i Boxholm (som i dag fungerer som museum). Tilbake finst òg disponentvillaen og den nygotiske kyrkja, bygd i slaggstein 1895–1897 etter teikningar av Gustaf Petterson, sjå Boxholm kyrkje.

Den administrative historia til byen endre

Boxholm var municipalsamhälle mellom 1904 og 1946, og deretter köping. Sidan 1971 har byen vore administrasjonssenter i Boxholm kommune.

Bakgrunnsstoff endre