Bråtebruk er avbrenning av skog for å skaffe tilleggsareal for mellombels dyrking. Driftsforma er òg kalla svedjebruk, medan ein kan reservere omgrepet svirydding om bruk av eld for å rydje permanent dyrkingsland.

Bråtebruk i Finland kring 1892

Bråtebruk i Noreg endre

I Noreg breidde bråtebruket seg særleg på 1600-talet og på Austlandet. I Trøndelag var det mindre utbreidd, og på Vestlandet var det lite bruka. Ved bråtebrenninga vart oska etterlaten som ein gjødning, og ofte tilsådd med rug medan oska enno var varm. Kappsæde, ei blanding av haustrug og havre og bygg, kunne òg verte bruka. I tillegg til gjødningseffekten, var det ein fordel at mykje ugrasfrø vart øydelagt ved bråtebrenninga. Difor kunne ein ved bråtebrenning hauste større avling enn ved tradisjonelt åkerbruk. Etter ei brenning kunne ein ta ein til tre avlingar før ein lèt bråtelandet gro til med lauvskog. Det kunne gå 30-40 år før landet på nytt var skikka til bråte.

Frå midten av 1600-talet kom det lovreglar som tok sikte på å regulere skadane som følgde av bråtebruk, ved at futen skulle tilvise bråtestad, dei som brente skulle varsle grannane, og ved at dei ikkje skulle brenne i juni og juli. Bråtebruket heldt fram til inn på 1800-talet.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre