Bradford [brædfəd] ligg i hjarte av City of Bradford, eit bydistrikt i West Yorkshire i Nord-England. Han ligg ved foten av Penninane, 14 km vest for Leeds og 25 km nordvest for Wakefield. Bradford vart ein kommune i 1847 og fekk bystatus i 1897.

Bradford

Bradford City Hall
Bradford City Hall
Bradford City Hall
Plassering
Bradford is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap West Yorkshire
Distrikt City of Bradford
Grunnlagd Mellomalderen
Geografi
Flatevidd
 - By

64,4 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

301 499
  4 681,7 /km²
Koordinatar 53°48′0″N 1°45′7″W / 53.80000°N 1.75194°W / 53.80000; -1.75194
Diverse annan informasjon
Postnummer BD
Telefon-retningsnummer 01274
Nettstad: www.bradford.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Bradford

Bradford har kring 300 000 innbyggjarar og er den 13. største byen i Storbritannia. Bradford er ein del av West Yorkshire byområde som i 2001 hadde 1,5 millionar innbyggjarar[1] og er ein del av Leeds-Bradford større byområde (LUZ), det tredje største i Storbritannia etter London og Manchester, med ein estimert folkesetnad på 2,4 millionar.[2]

Historisk var han ein del av West Riding of Yorkshire og vart viktig på 1800-talet som eit internasjonalt senter for tekstilproduksjon, særleg ull. Byen voks kraftig under den industrielle revolusjonen og av dei tidlegaste industrialiserte busetnadane. Han vart raskt «ullhovudstaden i verda».[3] I tillegg hadde område tilgang til kol, jernmalm og blautt vatn som gjorde at Bradford var eit produksjonssenter. Bradford har fin victoriansk arkitektur, mellom anna det storslåtte italianiserte rådhuset.

Tekstilindustrien i Bradford forsvann etter kvart frå midten av 1900-talet. Sidan den gong har Bradford vorte ein turistdestinasjon med attraksjonar som National Media Museum og Cartwright Hall. Bradford har likevel hatt liknande utfordringar som resten av dei post-industrielle områda i Nord-England, med deindustrialisering, bustadproblem, sosial uro og økonomiske nedgangstider.

Sidan 1950-åra har Bradford opplevd innvandring, særleg frå Mirpur i Pakistan. Bradford har den nest høgaste andelen av muslimar i England og Wales utanfor London. Det er estimert at det bur over 100 000 innbyggjarar med asiatisk opphav i byen,[4] som er kring 20,5% av innbyggjarane i byen. Dette taler er venta å auke til 28 % i 2011.[5] Bradford vert ofte omtalt som eit av dei beste døma på «parallelle samfunn», der folketalet effektivt lever fråskilde langs etniske, kulturelle og religiøse linjer.[6]

Kjelder endre

  1. National Statistics (2005). «Focus on people and migration: chapter 3 The UK's major urban areas» (PDF). s. 47. Henta 8. juli 2011. 
  2. «Urban Audit - City Profiles: Leeds». Urban Audit. Henta 8. juli 2011. 
  3. «History of Bradford». visitbradford.com. Arkivert frå originalen 15. april 2008. Henta 8. juli 2011. 
  4. Neighbourhood Statistics. «Check Browser Settings». Neighbourhood.statistics.gov.uk. Arkivert frå originalen 12. juni 2011. Henta 8. juli 2011. 
  5. Smithard, Tom. «Fascism and Islamism thrive in Bradford - report». Yorkshire Post. Arkivert frå originalen 9. mai 2008. Henta 8. juli 2011. 
  6. «Kenan Malik's essay on the real value of diversity». kenanmalik.com. Henta 8. juli 2011. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bradford
  Reiseguide for Bradford frå Wikivoyage