Moulay Brahim Boutayeb (fødd 15. august 1967) er ein marokkansk tidlegare friidrettsutøvar frå Khemisset som vann OL-gull på 10 000 meter i 1988 og VM-bronse på 5000 m i 1991.

Brahim Boutayeb


Statsborgarskap Marokko
Fødd 15. august 1967 (56 år)
Khémisset
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Aktiv endre

Boutayeb hadde lita erfaring med 10 000-meterløp då han stilte til start på distansen under sommarleikane i Seoul hausten 1988. To kenyanske løparar la då i veg i stor fart, einast Boutayeb og italienaren Salvatore Antibo heldt fylgje. Halvvegs i løpet passerte dei i verdsrekordtempo, Boutayeb tok då over teten og heldt den heilt til mål, siste rundane kontrollerte han inn til siger på personleg rekord, 27.21,4, to sekundar føre Antibo og nær fire sekundar framom bronsemedaljør Kipkemboi Kimeli frå Kenya.

Etter OL-triumfen konsentrerte Boutayeb seg helst om 5 000-meteren. Han vann bronsemedaljen på distansen då verdsmeisterskapen 1991 fann stad i Tokyo, utan han evna å vere med i gullkampen. Derimot var han med i ei firemannsgruppe som under Sommar-OL 1992 kjempa om alle medaljane i innspurten på 5 000 meter. Her måtte han ta til takke med fjerdeplassen, einast 0,75 sekundar bakom vinnaren Dieter Baumann og to tidels sekund unna bronsen.

Boutayeb la opp etter friidretts-VM 1993, der han vart slått ut i kvalifiseringa på 5000 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • VM 1987 i Roma: Utslått i kvalifiseringa på 5 000 m (13.32,7 =nr 18)
  • OL 1988 i Seoul: Gullmedalje på 10 000 m – 27.21,4, framfor Salvatore Antibo (27.23,5)
  • VM 1991 i Tokyo: Bronsemedalje på 5 000 m – 13.22,7
  • OL 1992 i Barcelona: Nr 4 på 5 000 m – 13.13,2
  • VM 1993 i Stuttgart: Utslått i kvalifiseringa på 5 000 m (13.42,3 =nr 18)

Kjelder endre