Eit brassband er eit musikkorps med messinginstrument og slagverk. I Storbritannia er det sterke tradisjonar for brassband, medan det i kontinental-Europa er meir vanleg med janitsjarkorps.

Brassband frå den amerikanske borgarkrigstida.

Dei fyrste moderne brassbanda oppstod tidleg på 1800-talet i Preussen, då alle militære og statlege musikkorps vart utstyrt med nye instrument med roterande ventilar, og vart pålagde å nytte standardstemming (ei sams referansefrekvens for alle korps). Dette førte til at musikarane lettare kunne spele med andre, og gjorde det òg mogleg å slå saman små grupper til større korps.

Brassband i Noreg endre

I Noreg finst det brassband for amatørmusikarar i form av skolekorps og amatørkorps. Dei fleste norske brassbanda er medlem i Norges Musikkorps Forbund. Det vert årleg arrangert eit noregsmeisterskap for brassband for vaksne musikarar og tilsvarande for barn og unge. I tillegg finst det eit titals andre tevlingar og stemner for korps.

Den norske brassbandtradisjonen har hovudsakleg vore plassert på Vestlandet, og dei fleste vinnarane av Noregsmeisterskapen for brassband kjem frå anten Hordaland eller Rogaland. Fleire korps frå Vestlandet har òg vunne internasjonale tevlingar og priser for spelinga.

Besetning endre

Eit brassband har til vanleg desse instrumenta: