Bratsk (russisk Братск) er ein by i Irkutsk oblast i Russland. Han ligg på vestsida av det enorme Bratsk-reservoaret i elva Angara, rundt 470 km nordvest for Irkutsk. I 2007 hadde han om lag 250 000 innbyggjarar.

Bratsk
Братск
Byåpenet til Bratsk
Byvåpenet til Bratsk


Plassering
Bratsk is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Irkutsk
Grunnlagd
Bystatus
1631
1955
Borgarmeister Sergei Serebrennikow
Geografi
Flatevidd
 - By

428 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

253 200
  591,6 /km²
Koordinatar 56°07′0″N 101°36′0″E / 56.11667°N 101.60000°E / 56.11667; 101.60000
Høgd over havet 450 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
IRKT (UTC+8)
IRKST (UTC+9)
Diverse annan informasjon
Postnummer 665700–665732
Retningsnummer (tlf) (+7)3953
Nettstad: www.bratsk-city.ru

Historie endre

Bratsk vart grunnlagt av russiske nybyggjarar i 1631 som ei festning. Fleire tretårn frå 1600-talsfortet er no utstilt på Kolomenskoje-godset i Moskva. Den raske utviklinga til byen starta på midten av 1950-talet med bygginga av det store (4500 MW) vasskraftverket i Angara.

Økonomi og næringsliv endre

Bratsk vasskraftverk er den viktigaste næringa i byen. Av øvrig industri i byen finn ein eit aluminumsverk og ein tremassefabrikk.

Miljøproblem endre

Bratsk var av Blacksmith Institute sin «Dirty Thirty», dei tretti mest forureina stadane i verda.[1]

Inntil nyleg var Bratsk-reservoaret - som er eit av dei største i verda - drikkevasskjelde for mange nærliggande byar. Men etter at tonnevis av kvikksølv vart funne på botn av reservoaret vart innbyggjarane åtvara og bede om å unngå reservoaret for ein kvar pris. Men på grunn av dei økonomiske problema i Russland vert reservoaret framleis nytta til fiske av hardt pressa lokale innbyggjarar. I følgje Jurij Udodov, leiar for Den føderale økologi-komitéen i Irkutsk oblast, så har dette området «den høgaste utsleppsmengda av metallisk kvikksølv i heile Sibir.»[2] Mengda av kvikksølvforureining i bakken rundt den nærliggande den kjemiske fabrikken Usolje tilsvarar halvparten av den globale produksjonen av kvikksølv i 1992.[3]

Bratsk er erklært ein økologisk katastrofesone. Bratsk aluminiumsverk har forureina omgjevnadane sine i så stor grad at byen Tsjikanovskij vart evakuert i 2001 på grunn av gjentatte helsemessige kriser.[4]

Transport endre

Bratsk ligg ved BAM (Bajkal-Amur Magistrale)-jernbanen. Bratsk lufthamn ligg 25 km nord for byen.

Utdanning endre

Høgare utdanningsinstitusjonar i byen er Bratsk statlege tekniske universitet og ei avdeling av Irkutsk statlege universitet.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Blacksmith Institute, arkivert frå originalen 26. oktober 2006, henta 30. november 2008 
  2. Earth Island Institute: Earth Island Journal - World News (Winter/Spring 1998-1999), arkivert frå originalen 18. oktober 2007, henta 30. november 2008 
  3. Earth Island Institute: Earth Island Journal - World News (Winter/Spring 1998-1999), arkivert frå originalen 18. oktober 2007, henta 30. november 2008 
  4. The Blacksmith Institute, arkivert frå originalen 26. oktober 2006, henta 30. november 2008