Braut-Ånund eller Onund, var i følgje norrøne soger ein konge av Ynglingeætta i Sverige som herska på midten av 600-talet. Han var far til Ingjald Illråde. Han fekk namnet sitt av di han brøytte skog og rydde vegar til nye stader i landet.

Braut-Ånund
Tittelsvensk monark
SlektYnglingeætta
FarYngvar Øysteinsson
BarnIngjald Illråde
Bauta for Braut-Ånund

Ånund var son hans Yngvar Øysteinsson, og tok riket etter han. Snorre Sturlason fortel at det var fred og gode år på hans tid. Han reiste til Estland for å hemne faren som var fallen der, men elles var han ikkje mykje på hærferd. Snorre fortel at han var «utifrå vensæl».

Ynglingatal seier det slik:

Som Jonakers søner,
stein-slegne,
vart Ånund heft
under Himilfjelli.
då steinskrido
sturtande
Estlands
uven drap.
Han, som verjo hans Hogne
veit å bruka,
av urd og aur
vart yvi-breidd.

Etter Snorre miste Ånund livet i ei stor leirskrie, som drukna både han og hæren hans. Dette hende under Himinheid. Den eldste Noregshistoria har ei noko anna framstilling. Her vert han drepen av ein styvbror som heiter Sigurd. Halvdan Koht kommenterer:

Snorre segjer han miste livet uner ei snøskride (steinskride) på Himinheid. Men dei myrke orda i Ynglingatal tykkjest helst meina at han vart yverfallen og drepen «under Himinfjølla» av ein «risung», d. e. løyboren son, som var hatig på han, kanskje då nærast ein uekte bror - det svarar til den spådomen som Snorre fortel var fest til Yngling-ætta alt i frå Visbur-sønene, at det jamt skulle vera ættedråp i ho (Visbur vart drepen av sønene sine, brørne Alrek og Eirik drap einannan, like eins Alrekssønene Yngve og Alv).

Koht legg altså ei anna meining inn i strofene over enn det Snorre gjer.