Ein brefront er enden av ein isbre. Sjølv om isbrear verkar urørlege flyttar dei seg i røynda heile tida og brefronten flyttar seg anten framover eller trekk seg attende. Plasseringa av brefronten er ofte direkte knytt til massebalansen til breen, som er basert på kor mykje snø som fell i akkumulasjonssona til breen, samanlikna med ismengda som smeltar i avsmeltingsområdet. Plasseringa til brefronten er òg påverka av den lokale eller regionale temperaturendringa over tid.[1]

Ein brefront
Satellittbilete av endringar i brefronten i Bhutan-Himalaya.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «All About Glaciers - Glacier Terminus». National Snow and Ice Data Center. Arkivert frå originalen 21. desember 2007. Henta 21. desember 2013. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Brefront