Bremanger kommune

kommune i Vestland fylke i Noreg

Bremanger kommune er ein kystkommune som ligg på grensa mellom Nordfjord og Sunnfjord i Vestland fylke. Kommunen er delt i to — indre og ytre Bremanger, høvesvis fastlandet og øyane Bremangerlandet og Frøya.

Bremanger kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Svelgen
Areal 833 km²
 - land 788 km²
 - vatn 45 km²
Folketal 3 392  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Anne Kristin Førde (Ap)
Kommunenr. 4648
Kart
Bremanger kommune
61°48′31″N 5°25′15″E / 61.808611°N 5.420833°E / 61.808611; 5.420833
Wikimedia Commons: Bremanger
Nettstad: www.bremanger.kommune.no

Kommunikasjon endre

Øyane er knytte saman med bru. Ytre del av kommunen har ferjesamband med Måløy. Tunnel under Skatestraumen og bru til Rugsund knytte øyane til fastlandet i 2002(Bremangersambandet 1).Ny tunnel Bortne-Langesi(Bremangersambambandet 2) opna i 2013 og kortar avstand frå øyane til Svelgen (og Florø/Førde) med 40 km.Det er ferjesamband over Nordfjorden frå Isane til Stårheim.Det er snøggbåtsamband nordover til Selje og sørover til Florø og Bergen. Avstand til flyplass i Florø frå Svelgen er 59,9 km. Svelgen, som ligg inst i Nordgulen, er kommunesenter.

Næring endre

Næringsgrunnlaget i ytre delen av kommunen har tradisjonelt vore knytt til fiske- og fiskeforedling, noko kystkulturlandskapet ber preg av. I Svelgen ligg den største arbeidsplassen i kommunen — Elkem ASA Bremanger Smelteverk, ei metallurgisk industriverksemd med om lag 290 årsverk. Elles er der jordbruk, skogbruk og serviceverksemder.

Natur endre

Kommunen har ein svært variert natur, frå det golde kystlandskapet til frodige landbruksbygder og høge fjell og brear i indre del av kommunen. Fjellet Hornelen er den høgaste sjøklippa i Nord-Europa.

Tettstader endre

  • Bremanger med 0 innbyggjarar per 1. januar 2023
  • Kalvåg med 413 innbyggjarar per 1. januar 2023
  • Svelgen med 1 110 innbyggjarar per 1. januar 2023

Bygder endre

Kjende folk frå Bremanger kommune endre

Bakgrunnsstoff endre