Bremsnes

tettstad i Møre og Romsdal
For den tidlegare kommunen i Møre og Romsdal, sjå Bremsnes kommune.

Bremsnes er ein tettstad i Averøy kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg på den nordaustlege delen av Averøya, om lag fem kilometer vest for Kristiansund, og har 1 042 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Bremsnes
tettstad
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Averøy
Areal 1,47 km²
Folketal 1 042  (2023)
Folketettleik 709 / km²
Postnummer 6530 AVERØY
Preposisjon Bremsnes
Kart
Bremsnes
63°05′04″N 7°39′43″E / 63.08444444°N 7.66194444°E / 63.08444444; 7.66194444
Wikimedia Commons: Bremsnes

Rundt tre kilometer nordaust for Bremsnes fører Atlanterhavstunnelen austover, under munningen av Bremsnesfjorden, til Kristiansund sentrum. Denne tunnelen har erstatta den tidlegare ferja frå Bremsnes til Kristiansund.

Bremsnes kyrkje frå 1770 er omgjeven av lauvtre (bøk, lerketre, kastanje, eik) innført frå Skottland og planta omkring 1790 av eigaren av storgarden Bremsnes. Kyrkjegarden på Bremnes var tidlegare også gravstad for innbyggjarane på Grip ettersom det ikkje var tilstrekkeleg med jord der til ein gravplass. Ved Bremsnes kyrkje og kyrkjegard ligg fjellet Bremsneshatten (130 moh.) med fjellholer, der den mest kjende er Bremsneshola, som er 70 meter lang og 25 meter høg.[1]

Bakgrunnstoff endre

Kjelder endre

  1. «Bremsnes». Store norske leksikon. 20. februar 2018. Henta 19. april 2018.