Den brende jords taktikk

(Omdirigert frå Brente jords taktikk)

Den brende jords taktikk eller brend jords taktikk[1] er ein militær taktikk som går ut på å øydeleggje alt som kan brukast av fienden medan ein sjølv rykker fram eller særleg trekkjer seg ut av eit område.[2] Utrykket stammar frå praksisen med å brenne avlingane for å hindre fienden matkjelder, sjølv om han ikkje avgrensar seg til matlager, men òg kan omfatte øydelegging av husly, transportmiddel, kommunikasjonsmiddel og industrielle ressursar og fordriving av folk frå området. Ofte har desse handlingar ein like stor eller større nytteverdi i moderne krigføring sidan moderne hærar vanlegvis tek med seg sine eigne matforsyningar. Praksisen kan utførast av ein hær i fiendtleg territorium, eller av ein hær på eige territorium. Taktikken kan òg innebere å setje opp dødsfeller eller mineleggje husly, transportmiddel osb

Brennande bygningar i Russland i 1943, fotografert av tyske styrkar. Tyskland nytta den brende jords taktikk fleire gonger under andre verdskrigen.
Tyske troppar brukte den brende jords taktikk då dei trekte seg vestover frå Murmanskfronten under andre verdskrigen. Biletet viser Rovaniemi i Finland, der 90 % av busetnaden vart brunne av tyskarar på retrett under Lapplandskrigen hausten 1944.

Krigar der taktikken er blitt brukt endre

  • Under Golfkrigen i 1990, då irakiske styrkar blei drivne ut av Kuwait, sette dei fyr på over 600 kuwaitiske oljebrunnar.[3] Brannane bleistarta frå januar til februar 1991, og den siste blei sløkt i november 1991.[4]
I Noreg

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Historie Vg2 og Vg3 - Skolesituasjonen i Finnmark og Nord-Troms under den andre verdskrigen - NDLA», ndla.no, henta 20. november 2018 
  2. «Brente jords taktikk». Store norske leksikon. 13. oktober 2014. Henta 18. august 2018. 
  3. «The Economic and Environmental Impact of the Gulf War on Kuwait and the Persian Gulf». Inventory of Conflict and Environment Cases. Washington (DC): American University. Arkivert frå originalen 19. desember 2010. 
  4. Wellman, Robert Campbell (14. februar 1999). «Iraq and Kuwait: 1972, 1990, 1991, 1997. Earthshots: Satellite Images of Environmental Change». U.S. Geological Survey. Arkivert frå originalen 28. oktober 2002. Henta 27. juli 2010. 
  5. Haugland, Kjell (1942-) (2002). Oppdals historie: hovudlinjer og tidsbilde. Oppdal historielag. s. 145-146. ISBN 8270832693. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Den brende jords taktikk