Brixen

kommune i Italia

Brixen (tysk), Bressanone (italiensk) eller Porsenù (ladinsk) er ein by og ein kommune i provinsen Bolzano/Sør-Tyrol i den autonome regionen Trentino-Alto Adige i Italia. Kommunen har vel 20 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 84,9 km². Byen ligg ved elva Eisack, 560 meter over havet, om lag 40 kilometer nord for provinshovudstaden Bolzano.

Brixen
Land  Italia
Areal 84,7 km²
Folketal 22 816 (1. januar 2023)[1]
Kart
Brixen
46°43′00″N 11°39′28″E / 46.716549°N 11.657851°E / 46.716549; 11.657851
Wikimedia Commons: Brixen

73 % av ibuararane i kommunen har tysk til morsmål, medan 26 % er italiensktalande og 1,34 % har ladinsk til morsmål.

Soge endre

Frå 500-talet til 1803 var Brixen eit sjølvstendig fyrstebispedømme som eigde store vidder i nærområda til byen, i tillegg til i Pustertal, Aust-Tirol og Krain. Bispedømmet hadde til 900-talet sete i klosteret Säben ved Klausen, nokre kilometer vest for Brixen. Rundt år 960 vart bispesetet flytta til Brixen.

Ymse endre

Fjellklatraren Reinhold Messner og skirennaren Denise Karbon er begge frå Brixen.

 
Utsyn over Brixen.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://demo.istat.it/?l=it.