Brockenspøkelse eller brockenspekter (frå tysk Brockengespenst) er eins eigen forstørra og forvrengte skugge kasta mot tåke eller skyer når ein har sola i ryggen. Fenomenet kan oppstå på ein kva for ein som helst tåkelagt fjellside eller skybanke, og kan òg observerast frå fly. Sidan Brocken, ein fjelltopp i Harz-fjella i Tyskland, så ofte er tåkelagt, og samstundes er lett tilgjengeleg, oppstår fenomenet ofte der, og det er derfrå fenomenet har fått namnet sitt. Brockenspekteret vart observert og skildra av Johann Silberschlag i 1780, og har sidan ofte vorte attgjeve i litteratur om regionen.

Brockenspekter.
Glorie og brockenspøkelse.

«Spekteret» opptrer når sola skin bak ein person som med sola i ryggen ser mot eit tåkehav. Ljoset prosjekterer skuggen til personen framover inn igjennom tåka, og ofte i ein merkeleg triangulær form på grunn av perspektivet. Den tilsynelatande forstørringa av skuggen er ein optisk illusjon som oppstår når han som observerer fenomenet reknar at skuggen i relativt nære tåkedottar er like langt unna som landemerke ein kan skimte igjennom tåka, eller når det ikkje er nokre landemerke i nærleiken som lèt ein rekne avstanden til skuggen. Skuggen vil òg kastast mot vassdropar i ulike avstandar frå auget, noko som òg vil vere med på å forvirre djupsynet. Skuggen kan sjå ut som om han rører seg på grunn av rørsler i skylaget han blir kasta mot, og variasjonar i tettleiken innover i skyene.

Hovudet på skuggefiguren er ofte omgjeve av ein lysande glorie, ringar av farga ljos som oppstår når sola skin på likt forma vassdropar. Effekten oppstår på grunn av diffraksjonen av synleg ljos.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre