Broken Arrow av Neil Young

Broken Arrow
Studioalbum av Neil Young med Crazy Horse
Språk engelsk
Utgjeve 2. juli 1996
Innspelt 21. mars til 17. april 1996
Studio Plywood Digital i Woodside (utanom «Baby What You Want Me To Do»: Old Princeton Landing, Princeton-By-The-Sea)
Sjanger Bluesrock, folkrock
Lengd 47:02
Selskap Reprise
Produsent Neil Young
Neil Young-kronologi 
Dead Man
(1996)
Broken Arrow Year of the Horse
(1997)


Broken Arrow er det 26. albumet til den kanadiske musikaren Neil Young, spelt inn i lag med Crazy Horse. Dei første tre songane er tre lange, strukturerte jammar, i liknande stil som tidlegare Crazy Horse-samarbeid som Everybody Knows This Is Nowhere, Zuma og Ragged Glory. Det siste sporet er eit konsertopptak av ein Jimmy Reed-song som vart spelt inn med ein liten publikumsmikrofon på ein liten «hemmeleg» konsert i California, for å gje han ei kjensle av piratopptak.[3][4]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 stars[1]
Robert Christgau(2/3 stars honorable mention)(2/3 stars honorable mention)(2/3 stars honorable mention)[2]

På vinylutgåva og på CD-singelen «Big Time» finst bonussporet «Interstate». Dette var ein song frå innspelinga av Ragged Glory i 1990. Dette var det siste studioalbumet til Young på fire år.[5]

Merk at songen «Broken Arrow» av Buffalo Springfield, som Neil Young var medlem av, ikkje finst på dette albumet.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Neil Young, bortsett frå der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«Big Time»7:24
2.«Loose Change»9:49
3.«Slip Away»8:36
4.«Changing Highways»2:28
5.«Scattered (Let's Think About Livin')»4:13
6.«This Town»2:59
7.«Music Arcade»3:59
8.«Baby What You Want Me to Do» (Jimmy Reed)8:08
9.«Interstate» 

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Stephen Thomas Erlewine. «Broken Arrow - Neil Young,Neil Young & Crazy Horse | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 7. mars 2019. 
  2. «CG: Neil Young & Crazy Horse». Robert Christgau. Henta 7. mars 2019. 
  3. «iTunes - Music - Broken Arrow by Neil Young & Crazy Horse». Itunes.apple.com. 2. juli 1996. Henta 7. mars 2019. 
  4. «Broken Arrow: Neil Young with Crazy Horse: Music». Amazon.com. Henta 7. mars 2019. 
  5. Thomas, Stephen (2. juli 1996). «Broken Arrow - Neil Young, Neil Young & Crazy Horse : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 7. mars 2019.