Bronkiektasi er ein kronisk betennelsestilstand eller degenerativ tilstand i éin eller fleire bronkiar eller bronkiolar i lungene som blir kjenneteikna ved utviding av og tap av elastisitet i veggene. Dette fører til luftobstruksjon og svekka evne til å klare opp i sekresjon. Pasientar med bronkiektasi produserer store mengder sputum (slim). Bronkiektasi blir gjerne rekna med blant dei ulike medisinske tilstandane som blir definerte som kronisk obstruktiv lungesjukdom.

Bronkiektasi

Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD001987

Historie endre

Bronkiektasi vart først skildra av René Laënnec i 1819, og vart seinare skildra i meir detalj av Sir William Osler mot slutten av 1800-talet.

Diagnose endre

Diagnosen bronkiektasi blir stilt på grunnlag av klinisk historie som inkluderer dagleg produksjon av sputum og karakteristiske CT-scan-funn.

Behandling endre

Behandlinga av bronkiektasi har som mål å kontrollere infeksjonar og bronkial sekresjon, å redusere luftvegsobstruksjon og å unngå medisinske komplikasjonar. Dette inkluderer antibiotikabehandling av infeksjonar og reduksjon av væske gjennom lungedrenasje og bringefysioterapi.

Assosiasjonar endre

Bronkiektasi er karakteristisk for mange ulike medisinske tilstandar — særleg primær ciliærdyskinesi (òg kalla Kartageners syndrom).

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre