Bronkietreet, eller bronkiane, er ei forgreining av luftrøyret som finst innvendig i lungene. I likskap med luftrøyret består bronkiane av bruskringar i ulik storleik, bunde saman av eit sterkt lag av bindevev, slik at det vert danna eit bøyeleg og elastisk røyr.

Den første delen av luftrøyret i kvar lunge vert kalla hovudbronkien (bronchus principalis) og sit plassert i lungerota (hilus). Dette kan vi sjå på som stammen i bronkietreet, som altså er ei treliknande forgreining av luftrøyret som finst i kvar lunge. Forgreiningane som går ut frå stammen (hovudbronkien) vert kalla bronkiegreiner eller bronkiolar (bronchus lobaris primerior, bronchus lobaris interior), medan dei aller finaste forgreiningane på bronkiolane vert kalla lungeblærer eller alveolar. Alveolane er omgjevne av kapillarnettet i lungene, der all utskifting (oksygen tilførast og karbondioksid blir skild ut) mellom blod og luft går føre seg.

Bronkieveggene består av glatt muskulatur som på innsida er dekt av ei slimhinne. Slimhinna har i tillegg til slimceller òg såkalla flimmerepitelceller, celler med mikroskopiske hår som gjer desse cellene bevegelege. Dette er celler som opptrer i grupper og rører seg rytmisk saman, slik at det oppstår ei kontinuerleg bølgjande rørsle som skyv slimet i retning av svelget. Slim som cellene av ulike årsaker ikkje klarer å få ut i svelget vert hosta opp.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  Denne Anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.