Bronseand

art av andefuglar
Bronseand
Litografi av John Gerrard Keuleman, 1888, public domain
Litografi av John Gerrard Keuleman, 1888, public domain
Status
Status i verda: NT Nær truga
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Overfamilie: Anatoidea
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anatinae
Slekt: Anas
Art: Bronseand A. aucklandica
Vitskapleg namn
Anas aucklandica

Bronseand (Anas aucklandica) er ein vassfugl i andefamilien. Ho er endemisk for Aucklandøyane sør for New Zealand. Tidlegare var koparand, Anas chlorotis, og campbelland, Anas nesiotis, rekna som konspesifikke med bronseand. Campbellanda, som lever på Campbelløyane, er akkurat som bronseanda utan flygeevne.

Skildring endre

Dette er ei mellomstor grasand, ca. 48 centimeter med kroppsvekt på 500 og 600 gram for hoer og hannar høvesvis. Vengene er små og er ikkje utvikla til flyging. Begge kjønn og juvenile fuglar har brun fjørdrakt, brystet er marmorert mørkare, hannfuglen i praktdrakt har grønglansa hovud, og ein særs smal kvit ring rundt halsen. Begge kjønn har godt synleg kvit augering og viser eit grønt vengespegl, speculum, i flukt. Bronseanda har alt i alt meir avdempa farger enn koparand.

Denne anda lever på Aucklandøyane, spesifikt på Adams Island, Disappointment Island, Dundas Island, Ewing Island, Rose Island og Enderby Island, men ikkje på hovudøya Auckland Island.

Bronseanda beitar ofte i skumring og nattemørke, ho finn føde i bukter og viker med tang og tare, og et alger og animalsk føde som marine virvellause dyr. Ungfuglar og fuglar som ikkje hekkar dannar flokkar ved beiting og kvile.

Bronseandpara er sterkt territoriale gjennom heile året. Reira er bygd av gras og reirplassen ligg under tett vegetasjon. Kullet er typisk på berre 4 egg og egga blir lagt med intervall på 2 eller 3 dagar. Hoa rugar aleine medan hannen voktar territoriet. Klekkinga skjer etter ca. 30 dagar.

Arten har status som sårbar, og bestanden er estimert til meir enn 2000 individ (2005), og er trudd å vere stabil.[1]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bronseand