Bronseskarv

fugleart
Bronseskarv
Bronseskarv Foto: Jum Scarff
Bronseskarv
Foto: Jum Scarff
Status
Status i verda: VU Sårbar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Sulefuglar Suliformes
Familie: Skarvefamilien Phalacrocoracidae
Slekt: Leucocarbo
Art: Bronseskarv L. chalconotus
Vitskapleg namn
Leucocarbo chalconotus

Bronseskarv (Phalacrocorax chalconotus) er ein sjeldan skarveart som er endemisk for New Zealand, han har utbreiing avgrensa til kysten lengst søraust på Sørøya og rundt Stewart Island/Rakiura.

Svartkvit morf av bronseskarv i hekkedrakt.
Illustrasjon av Joseph Smit

Bronseskarvar er ca. 68 centimeter i lengd og veg om lag 2,5 kilogram. Det finst to fargeformer, morfar, ei bronsefarga form og ei svartkvit form. Desse formene lever saman og kryssar, men bronsefarga individ dominerer i nord og svartkvite i sørlege delen av utbreiingsområdet. Den svartkvite forma liknar fjørdrakta åt vorteskarv, med kvit underside frå strupen til undergumpen og svart overside med kvitt band på vengen. Den bronsefarga forma er mørk brun til svart med grøn og blå metallglans. Felles for begge er lyseraude bein, naken, oransje hudfold ved nedre del av nebbrota, naken lilla hud i andletet. I hekketida får dei ein lang, svart fjørtopp på framhovudet og spreidde, utydelege kvite striper på hovudet. Ungfuglar har lysare brunt i staden for svart og brunt med mindre farger i andletet.

Hekkeområdet strekkjer seg frå North Otago, Otago-halvøya i nord, sørover langs kysten til Foveaux-sundet mellom Sørøya og Stewart Island/Rakiura og rundt Stewart Island. Hekkeperioden er frå august til mars, dei hekkar i koloniar nær sjøkanten.

Føda består av fisken Gobiomorphus cotidianus av sovekutlingar og flyndrer, og fleire former for marine virvellause dyr som blekksprutar og krabbar. Dei kan fangste opp til 15 kilometer frå land og dukke ned til 30 meter.

Verdspopulasjonen var estimert til 5000-8000 individ inklusive ungfuglar i 1994, og er vurdert å vere minkande.[1]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bronseskarv