Brosna (irsk An Bhrosnach) er ei elv i Republikken Irland som renn gjennom County Westmeath og County Offaly.

Brosna
elv
Brosna ved Swim-Two-Birds
Land  Irland
Kjelde Nær Mullingar i County Westmeath
Munning Shannonelva ved Shannon Harbour
Kart
Brosna
53°13′00″N 7°58′00″W / 53.216666666667°N 7.9666666666667°W / 53.216666666667; -7.9666666666667
Wikimedia Commons: River Brosna

Elva har utspring ved Lough Owel nord for Mullingar.[1] Ho er ei av sideelvane til Shannon, som ho munnar ut i ved Shannon Harbour.

Brosna byjar som ei lita elv og renn frå Lough Owel og sørvestover gjennom Mullingar og ut i Lough Ennell. Frå Lough Ennell renn ho gjennom Kilbeggan, der ho framleis gjev kraft til ei mølle ved Brusna distilleri. Brosna held fram sørvestover gjennom Clara. Aust for Ferbane møter ho elva Silver. Frå Ferbane går ho mot Shannon Harbour, nord for Banagher, der ho munnar ut i Shannon.

Fiske endre

Brosna er ei populær flogefiskeelv og har ein bestand med aure og noko laks og tart.[2] Dei siste åra har derimot forureining ført til lågare fiskebestandar i elva.[3]

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 27. september 2007, henta 23. oktober 2007 
  2. http://www.shannon-fishery-board.ie/guides/game/river-brosna.htm Arkivert 2006-10-03 ved Wayback Machine..
  3. «Over 50% of Brosna Polluted», Westmeath Examiner, 21. juli 2001.