Brownsea Island er den største øya i Poole Harbour i Dorset i England. Øya er eigd av National Trust. Det meste av øya er open for publikum og landskapet består mellom anna skogområde og lyngheier med rikt dyreliv. I tillegg finst klipepr med utsyn over across Poole Harbour og Isle of Purbeck.

Brownsea Island
øy
Slottet og hamna på Brownsea Island
Land  England
Kart
Brownsea Island
50°41′30″N 1°58′20″W / 50.691666666667°N 1.9722222222222°W / 50.691666666667; -1.9722222222222
Wikimedia Commons: Brownsea Island

Bronswa Island ligg utanfor byen Poole og er den største av åtte øyar i hamneområdet. Det går båtruter ut til øya og kring hundretusen vitjar øya årleg. Den nordlege delen av øya er ein del av eit naturreservat styrt av Dorset Wildlife Trust og eit viktig fugleområdet. Denne delen av øya har derfor avgrensa tilkomst for publikum.

Den første speidarleiren nokon gong vart halden på øya i 1907.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Brownsea Island