Brunbrystparakitt
Brunbrystparakitt | |
Brunbrystparakitt Foto: Ron Knight
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Utbreiinga av Brunbrystparakitt | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Papegøyefuglar Psittaciformes |
Overfamilie: | Parakittar Psittacoidea |
Familie: | Papegøyefamilien Psittacidae |
Underfamilie: | Psittacinae |
Slekt: | Pyrrhura |
Art: | Brunbrystparakitt P. calliptera |
Vitskapleg namn | |
Pyrrhura calliptera |
Brunbrystparakitt (Pyrrhura calliptera) er ein liten, sårbar parakitt med særs lite utbreiingsområde i spreidde førekomstar i Colombia.
Skildring endre
Brunbrystparakitten er 22-23 centimeter i kroppslengd. Han har grøn overside og overgump, grøne kroppsider og grønt i andletet, elles raudbrun hale og sentrale buk, raudbrun øyredekkarar, hals og nakke er i gråbrunt, krona og nakken i brunt med grøne fjørkantar, primære dekkfjører er gule og ofte med litt oransje, primærfjørene er blåe. Han har kvit augering. Desse fuglane kan vere støyane og produsere læte i flukt, typisk eit høgt og hardt 'kri-kri-kri'.
Dei lever i utkanten av skog, oftast i lågveksten elfinskog, og i gjenveksten skog, gjerne nær kultivert land og páramo, totalt i høgder mellom 1700 og 3400 moh. Utbreiingsområdet er i dag avgrensa frå Cundinamarca nordover til Santander. Her lever dei av bær, frukter og dyrka mais.
Hekkeperioden er i perioden august til oktober, elles er lite kjent om forplantingsbiologien.
Populasjonen er estimert til 5 000-10 000, og er trudd å vere minkande. Han er jaga av menneske fordi han gjer skade på maisavlingar. Dessutan taper han habitat grunna avskoging og anna menneskeleg aktivitet. IUCN har klassifisert arten som sårbar, VU.
Kjelder endre
- Collar, N. & Boesman, P. (2014). Brown-breasted Parakeet (Pyrrhura calliptera) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 19. april 2015
- BirdLife International (2015) Species factsheet: Pyrrhura calliptera Arkivert 2015-04-19 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 19. april 2015
- Referansar