Brunpelikan

fugleart
Brunpelikan
Brunpelikanbiletskildring
Brunpelikanbiletskildring
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Brunpelikan
Utbreiinga av Brunpelikan
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Pelikanfuglar Pelecaniformes
Familie: Pelikanfamilien Pelecanidae
Slekt: Pelikanfamilien Pelecanus
Art: Brunpelikan P. occidentalis
Vitskapleg namn
Pelecanus occidentalis

Brunpelikan (Pelecanus occidentalis) er den minste av dei åtte pelikanartane, men han er likevel ein relativt stor fugl, med ei lengd på 106–137 cm, ei vekt mellom 2,75 og 5,5 kg og vingespenn på mellom 1,83 og 2,5 m. Brunpelikanen finn ein fyrst og fremst ved kysten, men også ved store sjøar sør i Nord-Amerika, og i Mellom-Amerika, Karibia og nord i Sør-Amerika.

Han har ein lang hals, stort nebb, ein sekk i undernebbet og korte føter med symjehud mellom tærne. I hekketida er han gul på hovudet og halsen kvit. Når han ikkje hekkar er hovudet gulspraglete. Reiret byggjer han på bakken[1] eller i tre[2] av pinnar og vegetatsjon, ofte på øyar. Egga er kvite, det er vanlegvis to til tre av dei, og brunpelikanen rugar på dei i om lag ein månad.

Brunpelikanen jaktar fyrst og fremst på fisk i havet ved kysten. Han dykkar med hovudet fyrst for å fange fisk. Vatnet vert deretter tømt ut av nebbsekken, som kan romme 13 liter, før fisken vert svelgt. Det hender att måsar prøver å stele fisken ut av nebbet til pelikanen medan han tømmer ut vatnet.

Fleire bilete endre

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Pranty, Radamaker, Kennedy: Birds Of Florida, s. 75 (ISBN 976-8200-06-5).
  2. «All about birds»

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Brunpelikan