Brunrotte

pattedyrart
Brunrotte
Brunrotte
Brunrotte
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av brunrotte
Utbreiinga av brunrotte
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Gnagarar Rodentia
Overfamilie: Muroidea
Familie: Musefamilien Muridae
Underfamilie: Murinae
Slekt: Rotte Rattus
Art: Brunrotte R. norvegicus
Vitskapleg namn
Rattus norvegicus

Brunrotte (Rattus norvegicus) er truleg den arten dei fleste tenkjer på som ei typisk rotte. Ho høyrer til musefamilien, men kan bli 29 cm lang.

Brunrotta formeirar seg raskt. Hoa går drektig i berre 21 dagar og får 8-15 ungar i kvart kull. Ungane vert kjønnsmodne etter eit par månader. Kvar horotte får fire til sju kull per år. Ei rotte lever typisk i om lag eitt år, men dette kan variera mykje med tilhøva.

Arten stammar frå tempererte delar av Asia, men kom til Europa alt i mellomalderen, til Noreg kring 1750.

Det viskaplege namnet norvegicus fekk arten av di det individet som vart brukt til den første vitskaplege skildringa av han, hadde kome til London med eit norsk skip.

Viss ho kan, trekkjer brunrotta innomhus når hausten og vinteren kjem. Rotter kan «invadera» bygningar, også bustadhus. I tillegg til skadane dei påfører bygningar og innbu, førar rotter ofte med seg svært vond lukt. Dei kjem seg som regel inn gjennom kloakksystemet, og kan vera svært vanskeleg å bli kvitt.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre