Bruspulver, nokre gonger kalla slikkepulver, er ei blanding av natron og ei fast syre som sitronsyre eller askorbinsyre. Det vert òg sett til smak- og søtstoff som druesukker og/eller vanleg røyrsukker. Innhaldet av syre og bikarbonat er slik at det blir utvikla CO2, kolsyre ved kontakt med vatn.

Kali eller bruspulver i krukker.

Ein opplever det som eit søtt eller syrleg pulver som bruser i munnen. Tidlegare var det innpakka i ein papirpose, men i dag kjem det innpakka i eit røyr eller tett pose som skal halde verkestoffa tørre.

Bruksområde og nærskylde fenomen endre

Bruspulver var opphavleg meint å lage brus ved å blande det i eit glas med vatn. Born oppdaga fort at smaken vart meir intens om ein nytta det som godteri. Ein strødde det då t.d. i handa og slikka det i seg, derav namnet slikkepulver eller ein kunne putte det direkte i munnen, men det vart ofte for kraftig effekt. Bruspulver kan òg tilsetjast anna godteri, t.d. kjærleik på pinne.

Det er den same typen verknad ein finn i bakepulver og andre hushaldningskjemikaliar som ein nyttar til å lage porøs deig til kake.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre