60°23′53.293″N 5°19′21.349″E / 60.39813694°N 5.32259694°E / 60.39813694; 5.32259694

Bryggens Museum. Mariakyrkja kan skimtas i bakgrunnen. Hotellbygningen som er teikna av same arkitekten, ligg på grannetomta til høgre på fotografiet.
Foto: Nina Aldin Thune

Bryggens MuseumBryggen i Bergen, eigenleg Bryggens Museum, Erling Dekke Næss’ Institutt for Middelalder-arkeologi, finansiert ved ei gåve frå skipsreidar Erling Dekke Næss, opna i 1976. Museet står på ei tomt på området etter brannen som råka den nordlege parten av Bryggen i 1955. Arkitekt for museumsbygningen var Øivind Maurseth, som òg har teikna Radisson Blu royal hotell (opphavleg SAS-hotellet) som ligg på branntomta attmed museet. Museumsbygningen vart tildelt Det nyttige Selskabs pris for god arkitektur i 1977, Norske Arkitekters Landsforbunds pris for 1979, og dessutan arkitekturprisen Betongtavlen for 1980.[1]

Museet inneheld funn frå dei store arkeologiske utgravingane av den parten av Bryggen som vart sett i gang på branntomta. Funn av gjenstandar, bygningsleivningar og dei opplysningane om tidlegare tilhøve som desse utgravingane og granskingane gav, er grunnlaget for den permanente utstillinga. Denne utgjer ein part av mellomaldersamlinga som Universitetsmuseet i Bergen har plassert på Bryggens Museum, og som altså høyrer inn under Universitetet i Bergen. Elles inngår Bryggens Museum i museumseininga Bymuseet i Bergen, saman med andre museum i Bergensområdet.

I tillegg til den permanente utstillinga, har museet òg fleire skiftande utstillingar. Til desse utstillingane vert det som regel gitt ut ein katalog. Museet har tidlegare dessutan gjeve ut ein serie hefte med ulike tema om mellomalderen i samband med dei opne onsdagsføredraga som museet skipa til.

Skiftande utstillingar endre

  • 1986-1987 Musikk og miljø - fra kirkesang til musikkselskap
  • 1987-1988 ...med en skje at æde... - Hushold i Bergen ca 1100-1700
  • 1989-1990 Slik skodde de seg... - Om sko og skomoter gjennom tidene
  • 1991-1992 En salig rus? Rus og røyk, bruk og misbruk i historien
  • 1993-1994 Fra tid til tid
  • 1994-1995 Jerntid - fra blesteren til boreplattform
  • 1995-1996 Menneskets ansikt. Motiver fra middelalder og renesanse
  • 1999-2000 Med døden som følge

Kjelder endre

  1. Betongtavlen 1961-2008 Arkivert 2014-03-17 ved Wayback Machine. frå Betong.net

Bakgrunnsstoff endre

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.