Bryggeskipet var eit skip ein har funne restane av under arkeologiske utgravingar på Bryggen i Bergen. Etter brannen på Bryggen i 1955 vart det gjort grundige utgravingar. I bygningsrestane vart det funne materialar som hadde vore delar i eit stort skip.

Dendrokronologisk datering syner at Bryggeskipet vart bygd i 1188, tidleg mellomalder. Det må ha vore nærmare 10 meter breitt, over 30, truleg opp mot 40, meter langt. Det kan sjå ut som det har hatt lasterom under vanleg dekksnivå. Skroget har vore heller flatbotna. Funnet har vorte tolka som eit havskip av typen buse.

Bryggeskipet har ikkje vore noko vikingskip, men inngår i ein båtbyggar-tradisjon som vidarefører vikingane sin kunnskap.

Kjelder endre