Bryne er ein by og tettstad i Time kommune i Rogaland fylke. Bryne ligg om lag 30 minutt med tog langs Jærbanen sørover frå Stavanger. Bryne har 13 151 innbyggjarar per 1. januar 2023. Ein del av det tilgrensande tettbygde arealet i Klepp kommune, Kåsen, vert rekna med til tettstaden Bryne.

Bryne
stad
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Time
Areal 5,66 km²
Folketal 13 151  (2023)
Folketettleik 2 323 / km²
Postnummer 4340 BRYNE
Preposisjon Bryne
Kart
Bryne
58°44′00″N 5°39′00″E / 58.733333333333°N 5.65°E / 58.733333333333; 5.65
Wikimedia Commons: Bryne
Bryne Mølle

Namnet «Bryne» kjem frå norrønt brún ('kant, skrent') og -vin ('eng').

Historie endre

Bryne voks opp som ein stasjonsby rundt Time Station langs Jærbanen, som vart opna i 1878. Staden vart eit senter for handel, industri, økonomi og etter kvart utdanning. Av ulike institusjonar vart bedehuset Saron opna her i 1878, Jæderen Meieri og Jæderens Uldvarefabrik i 1898, meieriskule i 1906, og Rogaland Landsgymnas i 1924.

I 1921 vart det ved folkeavstemming bestemt at Time Station skulle endre namn til «Bryne». Bryne voks fort til å verta den største tettstaden på Jæren.

2001 blei Bryne ein by.

Sport endre

Den lokale fotballklubben Bryne FK rykka ned frå 1. divisjon i 2016, og vil i 2017 spela i 2. divisjon.

Rosseland Ballklubb speler i 3.divisjon.

Kultur endre

1. oktober 2004 vart Fritz Røed-parken opna i parkområdet kring Mølledammen i Bryne sentrum. Parken har fleire skulpturar av kunstnaren Fritz Røed, som voks opp på Bryne.

I 2012 opna Nasjonalt Garborgsenter på Bryne. Det skal vera ein nasjonal formidlingsarena for å fremja interessa for Arne Garborg og Hulda Garborg sine tankar og visjonar. Målet er å inspirera til samfunnsengasjement, til å lesa og til å skapa, og senteret skal vera ein sosial møteplass.

I 2015 opna Mellombels ølstove, ein utestad som fungerer både som konsertscene og pub.

Folk frå Bryne endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre