Brynjulf Alver

norsk folklorist

Brynjulf Alver (28. september 192421. februar 2009) var ein norsk folkeminnegranskar oppvoksen i Alversund, frå 1983 professor i folkloristikk ved Universitetet i Bergen.

Brynjulf Alver
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. september 1924
Kristiansand kommune
Død

21. februar 2009 (84 år)

Yrke professor
Språk norsk
Ektefelle Bente Gullveig Alver

Alver tok magistergraden i folkloristikk i Oslo i 1951, og arbeidde ved Universitetet i Oslo som arkivar og universitetslektor frå 1962 til 1971. Eit års tid 1968-69 var han direktør for Nordiska institutet för folkdiktning.

Frå 1972 var Alver leiar for det nyoppretta Etno-folkloristisk institutt ved Universitetet i Bergen. Til 1983 var han tilsett som dosent i etnologi og folkloristikk, sidan var han professor i folkloristikk. Alver var kjend som ein framifrå popularisator og engasjert debattant med vid fagleg innsikt.

Kjelder endre