Bubble Bobble

dataspel frå 1986

Bubble Bobble er eit arkadespel laga av Taito og utgjeve i 1986 og seinare portert til ei rekkje heimedatamaskinar og spelkonsollar. Spelet er eit plattformspel som fylgjer dei to drakane Bub og Bob som må gå igjennom 100 ulike brett for å redde dei to kjærastane sine. Bub og Bob må blåse bobler på monstre for deretter sprekke dei. Ein kan og samle opp objekt for poeng. Desse dukkar opp anten tilfeldig, eller ved å sprekke bobler. Brukar ein for lang tid på sprekke boblene, kjem monstra seg laus på eiga hand, hissigare og raskare enn før. Nyttar ein for lang tid på å fullføre eit brett, dukkar spøkelset Baron von Blubba opp og jagar etter dei til dei har mista eit liv, eller har fullført brettet.

arkademaskin
Bubble Bobble arkademaskin

Den sanne slutten endre

Ved brett 100 ventar sjølve sjefsmonsteret. Fullfører ein sistebrettet i einspelarmodus, gjev spelet beskjed om at ein ikkje nådde den sanne slutten. Spelaren vert så transportert til eit tilfeldig brett mellom 50 og 80. Spelar to stykk saman, kjem Bub og Bob saman igjen med kjærastane sine, men dette viser seg og å vere ei falsk slutt. Spelarane vert ikkje transportert til eit tidlegare brett, men får istaden beskjed om å skrive 8 teikn ned på eit papirark. Teikna er ein kode som kan skrivast inn ved tittelmenyen. Det får spelet inn i ein vanskelegare supermodus, der alle monstra er bytta om. Å slå spelet i denne modusen, er einaste måten å nå den sanne slutten.

Bakgrunnsstoff endre